Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Matreiing

For rnykje spekemat og for lite ferskt ville vel mange tykkja det var etter vår tids kokebøker. Men så hadde vi no heller ingen djupfrysar eller kjøleskåp eller husmorskule. Men vi hadde ekte havregraut og ekte surmjølk som ikkje separatoron hadde pint feittet utor. Litt ferskfisk kunne vi gutungane koma heim med då vi var så fjerre vaksne at far gav oss lov på båten. Hende det at vi gjorde storfiske, laut vi dela med andre, så mykje dei òg hadde «koka». Hadde vi varm graut til daurs eine dagen, var det gjerne kald graut i varm blengd surmjølk til frukost den neste dagen. Mor brukte mykje potetkake åt oss, steikte jamt ein dunge med klappekaker om kveldane etter at vi andre var lagde eller før vi andre var oppe om morgonen.

Til høgtidene var det alltid krotakaker, utbakte med kjevle og «stempla» med kakekrotet. Steikt flesk var ofte brukt. Røykt vårsild var god både kokt og i speke «når gauken gol».

Sundagen var det gjerne kyrkjesodd: kokt smalepølse i byggrynsuppe eller kjøtsodd. God surmjølk og flatbrød, kan hende ei skei rjome oppi, mjølk og varme poteter. Raspeballar med ein bete med flesk inni. Ny spekebrisling og ferske poteter med flatbrød til og surmjølk tykte far var fysnemat. Og om nokon av oss grein på nosi åt brislingen, sa far at vi berre måtte venta til vi vart svoltne, så ville han smaka godt. Vi fekk alltid eta oss mette, men pølse og ymse anna retteleg godt laut mor etla åt oss, så alle skulle få.

Fastelavnsbollar høyrde eg ikkje gjete. Men til feitetysdag gav mor alle i huset ein klatt nykjerna smør, som vi åt av nons eller kvelds — og kappast om å få til å vara lengst.

Poteter og sur mjølk fekk vi alltid forsyna oss med det vi trong. Mor var nøye på at ikkje noko av mat skulle koma vekk. Og restar og rusk fekk grisen når det berre ikkje fanst kvasse bein i det. Mølje var flatbrød bløytt i feitt kjøtsodd. Potetgrøp var potetstappe rørd ut i mjølk og vart ete med flatbrød til. Mjølkesuppe fekk vi også, men då var det jamnast som hovudrett. Bakarbrød (stomp) brukte vi mest aldri til kvardags, berre ei skive eller så attåt kaka til sundags. Men mor hadde kveitekavring og eit tolvskillingsbrød (langebrød à 40 øre) om der skulle koma framande som laut få kaffi og mat. Langebrødet la ho gjerne ned i ”kodnbøro” (bingen) på stabburet, så heldt det seg lenge utan å mygla eller bli hardt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.