Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Sengegraut og barnedåp

Det var ingi fødestove i bygdi, og ingen tenkte på å reisa til byen på klinikk. Når ei kone låg på barnseng i heimen, hadde ho gjerne avtale med ein slektning eller ei grannekone om hjelp til å vøla barnet dei dagane ho var vesal. Jordmori hadde stort distrikt. Vegane var lange og robåtskyssen eller stølkjerreskyssen tok tid, men jamnast gjekk alt vel. Småborni var skyssa bort i grannestova eller til slektningar medan det stod på. Og når vi så kom heim att og mor synte oss ein liten bror eller ei syster å vera god med, var det ingen som spurde og grov, og ingen som laug om storken. Men vi ville gjerne vogga og sjå når mor vaska og vølte veslebarnet og gav det bryst. Og så kom grannekonene og slektningane på vitjing — jatmt fleire same dagen med store fine sengegraut-ambrar fulle av herleg kveitemjøls- eller rjome- eller gryngraut med åttebladrose av søtebrødkake og rosiner som mest flaut i smør på toppen, så alle i huset kunne godna seg i vekevis. Mor hadde nok med å smaka på kvar ambar, enda dei aldri kom med meir enn ein kvar. Men i ei nordfjordbygd var det skikk at dei korn med to ambrar kvar berande i vasselekrokane. Då var det gjerne havregraut på botnen og rjomegraut oppå til suvl. Ambrane var jamt innpakka i ullklut så grauten heldt seg varm til han kom fram.

Ved barnsølleite (barnedåp) sende mor ambrane tilbake, ilødde med smurde og sukra mjølkekaker og fine krotakaker. Til fadrar bad ein ofte tre kvinner og to karar når det var jentebarn, men tre karar og to kvinner når det var gut, skyldfolk og vener. Det var vanleg å kalla barnet opp etter bestefar eller bestemor. I to huslydar hugsar eg dei hadde to gutar med same namnet i kvar lyd. Då vart det Store-Johannes og Vetle-Johannes dei sa til dagleg heime, eller berre «Stor’n» og «Vetl’n».

Var vegen lang, laut fadrane ha skyss på landjordi også, i minsto dei som skulle bera barnet. I heimen venta eit godt gjestebod når fadrane kom att med barnet, og sume fadrar hugsa gjerne barnet med ein liten presang seinare til årmålsdagen eller til jol.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *