Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Sjukdom, dødsfall, gravferd

Låg nokon alvorleg sjuk, lyddest grannane innom og byttest om vakingi. Det var langt til dokter, og det var svært sjeldan at han vart henta. Han hadde no også så vidt distrikt at han var ikkje lett å få tak i. Eg var liten då far hadde lungebetennelse andre gongen, og eg skjøna godt at det var alvor, for han nemnde noko om farlause småbarn då han låg på det verste. Mor sa ikkje stort, men gret stilt, såg eg. Men far kom seg den gongen også og vart 8 5 år gamal. Det vart mor også.

Når einkvan var død, laga ein bygdehandverkar og ein hjelpesmann kista. Material til slikt bruk hadde alltid ein omtenksam bonde liggjande. Far hadde material liggjande på løebetane i mange år.

Når ein død skulle leggjast i kista, samlast gjerne grannane i likstova. Der vart det lese eit gudsord og sunge eit vers, og kanskje einkvan bar fram ei helsing og takk. Kista var måla svart med kinnrøyk i limvatn som turka fort, og pynta med det av grønt og blomar som kunne finnast etter årstidi, men gartnarkransar var sjeldsynte. Gravferdsdagen samlast grannane og andre frå bedekrinsen i heimen til eit mål mat, jamnast store ruver oppskorne bakarbrødsskiver som folk smørsmurde sjølve, og kaffi. Sume hadde krotakaker og mjølkekaker også.

Der var alltid to syngjarar som styrde songen i stova og gjekk føre båra og song ut av tunet og gjennom tuni på kyrkjevegen og ved gravi. Båra vart køyrd på høyvogn som sume hadde pynta med granbar. Båra vart sett på golvet i våpenhuset under klokkeringing og stod der til nokre av karane i følgjet hadde gjort gravi ferdig. Så bar dei båra ut under ringing og sette henne ned. Syngjarane song, og gravi vart tilkasta. Til sluts las karane stille ”bøn i hatten”, som vi sa. Korkje prest eller klokkar var med. Men ein preikesundag seinare gjekk presten rundt til dei nye gravene som var komne og kasta jord på, «jordfeste», som vi sa. Difor heiter det i diktet til målarstykket «En bondebegravelse»:

«De senket ham ned i graven under det sprettende løv,
nu har klokkeren sunget, til presten får signet hans støv.»

En_bondebegravelse

Folk gjekk både til og ifrå kyrkja om vegen var lang, og fekk kjøtsodd eller annan god middagsmat når dei kom heim att, og sidan eit mål skivemat og kaffi. Eg kan ikkje hugsa at øl vart brukt, og gildet varde berre ein dag. For å få rom i stova til langbordi bar dei sengene ut.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *