Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Skulegang

Vi hadde fast tredelt skule, og skulehuset låg midt i krinsen utan inngjerding eller opparbeidd leikeplass. Men vi hadde bakkar med tuver og stein rundt ikring, storetrona og vetletrona, og dreiv leiken vår med langball og «siste mann ut», verjing av trona, fotskriding på jøklane, ringleikar som:

«Høie fjelde og dybe dale, her er den som jeg vil have. Hei hopp min skjønne sukkertopp, vi skal danse til solen rinder opp. Hei hopp min skjønne, vi skal danse i det grønne.» Osb.

Dei store gjekk måndag og torsdag, dei mellomste tysdag og fredag, og dei minste onsdag («mekedag», sa vi) og laurdag. Bøker laut vi halda oss sjølve. Eg bar bøkene og blekkhuset og griffelen og skulematen (potetkaker) med meg i ei tine, og hadde ei steintavle i treramme til å rekna og skriva på. Vi hadde Jensa-boki som lesebok og Sandbergs forskriftsbok. Striden om Pontoppidans forklåring hadde lagt seg, så vi fekk Klavenes si, og Horns geografi. Vi hadde naturkunne også. Og ei liti retteleg god Jensens Norges-historie. Eg var så glad i skulen at eg gret då far ville ha meg heime til å kara ifrå treskjemaskinen, endå treskingi var det morosamaste eg visste. Eg tykte det var ilt at det skulle treffa på min skuledag. Og far let meg gå på skulen!

Men ein gong hadde eg gløymt å læra utantil eit dikt såleis som vi av og til fekk deklamera fra kateteret. Og kateteret var ein firkanta skrivepult på fire høge bein oppå ein platting så alle kunne sjå føtene åt den som stod der. Eg var så skjemd for at dei andre og særleg jentene skulle høyra at eg hadde gløymt, så eg gjekk halvveges imot læraren og skrifta for han då han kom att og hadde vore heime til daurs. Og han hjelpte meg og let meg lessa innanboks:

«De norske loser ere raske svende
som uveirsfugle færdes de på sjø,
for dybets farer ingen frykt de kjende,
med løvemod i bølgens faun de dø!»

Vi hadde lange pultar med plass åt tre på kvar. Midt etter golvet stod tre spyttebakkar av malm, fylte med hakka brake eller sagflis. Eg trur dei var lite brukte av ungane, men kan henda av gamlingane som nytta skulen til samlingar og andre inge. Drikkevatn henta vi i ei sinkbytte or den gode kjelda i Gjert skomakar sin kjellar. Vi drakk or same vassausa alle saman.

Der var bygd ei sval attåt på sida av skulestova til plass åt famneveden som vi fekk saga og kløyva sjølve, og i mi tid sette dei inn ein kokomn, som dei som vaska golvet, fekk varma vatn på. Eg trur dei vaska ein gong for veka (gratis?).

Eg hadde fleire lærarar, og mellom dei vikarierte ein opplyst bonde, Jens Studand, og eg tykte han var flink, han også. Skulen var ein av dei eldste faste skulane i Hordaland. Huset vart seinare selt til fjøs på grannegarden!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *