Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967

Olav Omvik forteller…

Skurdonn

Det var mest berre havre på mine kantar. Den skar vi med sigd, laga band og turka dei på staur. Det var arbeid som trong mykje folk, både karar og kvinnfolk. Grannane gjorde bytearbeid, og leigefolk laut også vera med, skulle arbeidet verta gjort i «sneddo».

Mor laga mat åt leigefolk, men grannane gjekk kvar til seg og åt. Etter kvart matmål tok kar og kvende staur med seg på aksli or staurabolken eller løa og ut på åkeren. To vaksne karar tok seg av stauringi, sette staurane godt fast i åkeren og feste kornbandi med bendelen såleis at kornet snudde på dalen mot sol og vindtrekk for turken. Ungane fekk dra staur og bera kornband på plass. Staurkrakken flytte dei frå staur til staur, så dei kunne nå opp med øvste bandi og det aller øvste, staurhatten.

Så vent det var ifrå lii eller Kviteggi å sjå korn på staur heile dalen nedetter om hausten! No er det berre hesjeturking til korn også. Far gjekk og kjende i stauren, og når han meinte det var bergande, laut kornet køyrast i hus. Det var etla rom åt kornstålet i løa, korntufti på eine sida av låven, og høytufti på hi. Jamt køyrde far kornstaurane med kornbandi på heim til løa, men laut dra staurane ut or lasset før han kom inn på låven med det. Var kornet kome under tak, gjekk store og små over åkeren og plukka opp kvart aks (kornklo) som låg att der etter skurden og «kodningjo», bunta dei saman i «brusar» og bar dei åt løa. Seinare når rotstubbane hadde losna, laut vi på åkeren att og raka «hylma» (halmstubbar) til underburd under gris og anna levande. Jamt gjekk vi i lauvskogen og raka i hop lauv også til det bruk, slik eg har nemnt tidlegare.

Potetene kom sist i hus, men laut takast før kyr og sauer vart sleppte på bøen. Lauvet skar vi av med sigd når det byrja gulna, og hesja det på åkeren til det vart turt nok til å bergast under tak. Potetopptaket var tungt og seint arbeid. Rast etter rast i seng etter seng laut takast med spade og grev, og potetene skulle skiljast, dei fine for seg og småpotetene og dei rotne for seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *