Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967

Olav Omvik forteller…

Slakting

Bildet er kun et illustrasjonsbilde

Av slaktedyr var grisen viktigast, og hjå oss var det jamnast slakting fram imot jol. Far ville aldri ha oss med før vi var vaksne, til å sjå på avlivingi og hjelpa til med eitkvart. Av grisen fekk vi mykje god mat: Finhakka steikt innmat som vi kalla finker, smult, blodklubb og blodpølse, sylteflesk (av hovudet) og syltelabbar, svinerygg og ribbe, skinker som vart salta og sidan hengde under sperretaket på stabburet. Av sauekjøt fekk vi beste pølsa.

Storfeslakt reiste far til byen med og selde, men stundom fekk ein beistehandlar or bygdi kjøpa. Den gamle, utslitne øyken reiste far med sjølv, for han hadde høyrt at griske mellommenn hadde freista å selja slaktebeist til livdyr for å tena meir på dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *