Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Slåttonn

Når slåtten tok til ikring jonsok, stod karane i fire-fem-tidi med langorvi, så ljåen berre song i det doggvåte graset. Maskinar var det ingen stad. Det var om å gjera å få mykje laust medan lufti var sval og bitet godt. Ljåsliping gjekk for seg ved kverni. Den vesle slipesteinskallen vart teken ut og lagd i kvernsloket til å snu steinen. Var vi gutane trege til å få opp, kvikka far på oss når han såg «andre på ‘an alt,» for det var kapping om å bli fyrst ferdig.

(Bildet er kun et illustrasjonsbilde)

Det var lite kunsteng og ingi hesjing, men høyturking på bakken. Det var hundrevis av såter stundom. Og truga det med regn, kom gjerne dei som fyrst fekk oppsett, over og hjelpte dei som ikkje var ferdige. Sume berga turt høy eller korn om sundagen når regnet truga, andre venta til klokka tolv om natta, andre let det heller regna.

Jorddyrking tok folk for alvor til med etter utskiftingi, då bølappane kom i eitt stykke. Då vart det kunsteng med langt gras som høvde betre til hesjing, men også mykje meir «sauablom» (løvetann) å slåst med. Det var trongt om plassen i dei gamle løene, så turrhøyet laut lempast og stappast inn på alle lemmar og klemmer som i tunet fanst, på flors- og smalhus- og stallemmen, ja, endåtil på skytjelemmen hadde vi høy, og på hesjestenger fastspikra under skytjesperrene hengde vi til slutt potetlauvet etter at det førebels var turka i hes på åkeren om hausten. Av potetlauvet koka mor log til å bløyta fôret i kustampane med.

Om ikkje ungane kunne gjera så mykje med ljåen, kunne dei i minsto bruka riva og hjelpa til med breiing og raking og sæting, trø i høylasset, henta øyken og rida han til skogs og trø og hoppa i høystålet, men berre når høyet var verkeleg turt.

Så lenge åker- og bølappane låg om einannan utan gjerde, men berre med bytesteinar til skil-merke, var det berre å dra foten i graset frå den eine steinen til hin og laga farveg i graset og slå bortåt den. Men kom ein gutunge for langt, sa far at han måtte setja att i nærleiken like mykje som han på det vis hadde «teke» hjå naboen. Og aldri vart det krangel om slikt. Jamt stod slåttekarane eller breislekvendi or dei ymse stovene så nær kvarandre at dei kunne skøyta prat under arbeidet på bøteigane med dei rare namni:

Øvreboen,
Nedrebøen,
Spansteigen,
Tretteskreo,
Bråhaugen,
Renen,
Fjøringen,
Ryggen,
Tresbakken,
Utfallet,
Hundastykket,
Fagervollen,
Myrane,
Sekane osb.

Sambeite-utmarki var likeins delt opp med namn som kvart barn kjende og kunne orientera seg etter når dei var på leiting etter eitkvart, til dømes:

Rindane,
Storsletthamaren,
Lambahaugen,
Bjødnhaug,
Languri,
Kultane,
Spranget,
Haugane,
Stavasletto,
Krokane,
Stølen,
Ildlakleiv,
Sniglen,
Gråsteinen,
Tunderbjørk,
Kviteggjo osb.

Var det knapt med fôr åt kyrne om våren, hogg vi greiner av selje og hegg og raun, hogg dei opp i høvelege vedlengder og tok store fang inn i stova. Så mange som kunne styra kniv, sette seg så og skov borken av til beistafôr. Trepinnane (skjevlane) gjekk åt omnskråi til brevsel.

Berre ein gong hugsar eg at eg var med på lynging. Der var nok av han oppmed Ilagehaugane og på Storsletthamaren. Vi skar med sigd og la lyngen fint i lad, tok så knippe for knippe og leste på kneppetauet og kom heim med kvar si nyttelege lyngbør på beretaui, far, tausi, syster mi og eg. Budeia bløytte lyngen etter kvart som kyrne fekk litt om gongen i fôret, men eg trur dei lika skav aller best. Alt lauv på raun og ask på bøen vart plukka og turka til fôr om hausten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *