Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Stamping og leting

Som før nemnt var det vadmålsstampe i elvi. Folk or dalen og lenger ifrå kom og skulle få vadmålet sitt tovna og mykt. Eg hugsar ikkje korleis betalingi vart utrekna, men det var svært billeg.

Det var Øysteinsfolket som åtte stampa. Dei leigde ein vossing til stampar dei vekene det stod på. Seinare lærde bonden seg til å stampa sjølv og kunne då passa betre på når det var flaum i elvi. Han laut syta for eit stort lad med turr stampeved, for der skulle mykje varmt vatn til bløyting av veven under stampingi, så det brann under koparkjelen heile dagen. Når det var ferdigstampa, vart vadmålet lagt til turking på eit steingjerde og til slutt rulla fint saman om ein trestokk som låg tvert over bordet i «trelager» og kunne vittast rundt med sveiv og trekkjast utor når heile veven var ferdigrulla. Stamparen såg vel etter at tyet var godt strekt, også etter breiddi, og at jardane var jamne og beine. Så var det berre å festa enden på veven med nål og tråd og setja eigaren sin nummerlapp på. Sume hadde sauma sine signe forebokstavar på veven dei kom med, men veven fekk også nummer ved innleveringi. Til kvitlar var no vadmålet ferdig, men så smalt at to lengder laut saumast fint saman etter jardane og sjølvsagt saumast føre mot rakning ved endane. Men det som skulle vera til gangklede, laut mørkletast, og det var det visst berre ei i tunet som kunne. Ho hadde i mange år tent hjå oss, og hjelpte oss med dette også etter at ho vart gift.

Som førebuing til leting sette ho ein stamp i skytja og sa at i den måtte vi samla all den urin huslyden fekk av seg til ho kom og skulle leta. Det gjekk for seg i eldhuset. Fyrst tok ho den store skjerdingmalmgryta halv av vatn, så ein trestamp oppi der med urin og oppløyst blåsteinsfarge, så tyet oppi der og loket på stampen. Det laut fyrast under gryta mest natt og dag i døgervis, og det kom ein stank av den sure urinen som mest var endå verre enn den or dammane under møkkøyringa. Var så letingi ferdig og vadmålet turka, laut det ta bygdefargaren i Rosendal ta persing og kom att skinande blankt på retta. Fargen heldt seg godt, men persingi gjekk or vadmålsklede i første regnbya dei kom ut for. No har fabrikken for lenge sidan teke over alt arbeid med ulli og stamping og leting.

Kvinnfolk var flinke til å sy klede åt seg, stakkar, liv og blåhuver. Dei lånte seg mønster og sydde med hand. Kvarvingar, stakk-linningar og huveband vov dei på små vevstolar. Sokkeband bregda dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *