Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Olav Omvik forteller…

Tresking

Var kornstålet så fullt at det ikkje gav rom åt eit par kvinner til å løysa bendlane opp og leggja kornbandi til rettes, laut far treskja med tust ein grann før maskinen kom åt løa. Tusti var ein alen lang og tre-fire tommar tjukk trestokk fest med skinnreim til eit langt treskaft.

Far la nokre kornband om gongen i låven og banka kornet laust med tusti, som gjorde godt arbeid i øvd hand, men som like snart kunne slå ein lusing når unæmingen skulle prøva. Eg fekk eit kraftig minne om det ein dag eg freista medan far var heime til «daurs».

Treskjemaskinen var sameige for heile grendi, og det laut helst seks-sju mann til å driva han, to handfaste karar på. kvar av sveivane, ein til gje (føre kornbandi i jamn straum inn i maskinen), ein til å kara ifrå (det greidde ein gutunge) og ein til å rista halmen godt så der ikkje følgde korn med når han med tre-halmsenda lempa halmen opp på staura-lemmen, der det laut vera ein halvstyving til å ta imot og eit vakse menneske til å stappa. Stundom kunne vi i godver ta halm ut på gard og inn att når kornstålet tømdest så der var rom.

Mor hadde sjauen med maten. Det var tungt arbeid dette, så alle laut få ein «bisk», potetkake med smør og sukker på og varm kaffi midt i økti der dei stod eller sat i ei kvilestund.

Maskinen gjekk frå mann til mann, og grannane gjorde bytearbeid. Eg kunne høyra lang veg av braket kor maskinen heldt til. Så prøvde dei nuko dei kalla «hestavandring», eit slag stort liggjande hjul med mange lange «eiker». Eikene hadde gaflar utpå endane til å gripa tausnori som låg rundt hjulet og gjekk inn på låven og dreiv maskinen. To øyker laut bytast om å dra hjulet rundt og rundt. På ein granne-gard demde dei opp bekken og sette eit overfallshjul til å dra maskinen med tausnor opp i løa.

Etter treskingi korn dryftemaskinen på låven. Den var lett å snu, og dryfte (reinska) kornet så dumba fauk åt halmstålet og kornet kom reinska ut i det store lette dryftetrauet, som også kunne brukast til å dryfta med om ein det ville.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *