Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967

Olav Omvik forteller…

Våronn

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Arbeidet ymsa etter årstidene. Vårarbeidet åt karane tok til med møkkøyrsla. Då laut dammane og skutane og alle uthus tømast, likeins stall og smalehus, grisehus og vetlehus. Fyrst og fremst laut havre-og potetåkrane få sitt, og så likaste bøteigane. Utmarki og skrapabøen laut klara seg utan. Men verste mosemyrane fekk or vetlehuset. Kunstgjødsel høyrde eg aldri om, utanom det at ein mann i nærleiken freista seg med beinjmøl på potetene, og eg trur det gjekk bra.

På åkrane sette far opp små pinnar til merke kor vi skulle tøma lassi når vi gutungane køyrde ut og leste av. Seinare runda vi dungane og klappa dei til med spaden så det laga seg skorpe mot regn eller fordamping. Så låg då dungane i rader med høveleg langt mellom radene (ein ”fare”, sa vi). Kom så vårvinna i gang for alvor og faren var pløygd, laut karar og kvinnfolk hjelpast åt med å spreia gjødsel utover. Seinare tok folk til å pløya gjødsla nedi. Men såingi gjorde far alltid sjølv. Då la han hatten i åkerreina før han gjekk utpå med såbytta og strødde såkornet med hand utover. Så var det å harva det nedi med grindharv og hest eller med mylderive. Etter høveleg tid tok far dei minste av oss ein sundagsmorgon ut til åkeren og fortalde om spiringsunderet og korleis Storemannen signa med sol og regn, så der vart mat og livberging åt oss. Då skjøna eg betre kvifor far gjekk berrhovda og sådde, såleis som han hadde lært av sin far.

Når poteter skulle setjast, vart dei fyrst tekne opp i stova, ei stor tunne full, til visane rann ut. Det var mor sitt arbeid å kløyva dei store med kniv såleis at der var visar på alle stykki som skulle setjast. Restane nytta vi til mat, men dei små laut setjast heile. Og her kunne ungane hjelpa til med å setja når eit vakse menneske styrde spaden og aura poteten ned i rader tvert over dei to alner breie sengene. Sengene var gjødsla og tilstelte med smale vegar mellom, så ein kunne koma fram der når det seinare skulle lukast med hand.

Rydding av bøen høyrde også med til vårarbeid, samanraking av kvist og rusk og rask etter vinteren. Det som ikkje kunne nyttast til «underburd» i uthusi, vart bore saman og brent opp. Far hadde mold inn under grisen for å auka gjødsla, og så hakka brake og lauv, og mor hadde gamal halm inn der til bol når det var kaldt. Ho bytte halm i alle senger minst ein gong om året. Den gamle «loppehalmen» fekk grisen til å varma seg i.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *