Kilde
GAMLE HERMENNAR FRÅ TELEMORK
Av Kjetil A. Flatin
Lokalhistorisk Forlag 1991
(Nå overtatt av www.bokloftet.no)
Denne utgåva er eit fotografisk opptrykk av
Oluf Rasmussens Boktrykkeris utgåve frå 1913.
ISBN 82-7404-056-2
Du kan lese forordet til boka her.

Olav Raudkleiv

Olav Raudkleiv, husmann under Nordgarden i Stiljord, var ute i 1814.

Han var med i slage ved Kølberg bru og fortalde ofte um det.

Etter slage vart han tekin til vera med og jorde dei fallne. Men det var det verste av alt, han hadde vori med paa, sa han. Han totte, alle dei limlesta og døde mannekroppane sveiv for augo i lang tid etter paa og fekk dei ikkje ifraa seg, kvar han vanka.

Dei drog liki burt paa nokre draakjerrur, og blode sila og rann utor vognine, so blodvegen laag etter marki, der dei hadde fari.

Han kunde aldri eta blodpylse, etter han kom heimatt.

”Dæ minner meg saa om alt manneblo'e eg saag ve' Kjølberg bru,” sa han.

– Olav var med i eit anna minder slag au.

Nordmennane og svenskane laag paa kvar si side av ei tjønn og skaut paa einannan. Det var om notti, dei helst. Ingin nordmann fall eller vart saara; berre ein sersjant vart avskotin tvo fingrar, i det same han rette handi yvi seg og ville draga ut ladteinen or byrsepipa. Attanfyre den norske lina var ein ospelund; den var avkarta og nedsyld av dei svenske kulune um morgonen, daa slage var yvi. Svenskane hadde tvo vognlass rulle med bygsur og bantolèr etter dei, som hadde falli i slage. Men liki hadde dei dragsa avstad, dei vilde altid so naudleg syne, kor mange fallna dei hadde. Det kom ridande ein officer med melding um, at svensken hadda gjevi seg. Olav og dei andre ottast, at dei skulde til att paa ny, med same dei saag honom.

Mat var det jamleg lite av, og dei svalt ofte, so dei var mest paa kvitten. Ein dag var kongen, Kristian Fredrik, tilstadar. Soldatane hadde lite eti paa fleire dagar. Kongen var svoltin, han au, og spurde, um nokon hadde ein matbite aa gjeva honom. Ingin hadde; men Olav fann fram ein braudskalk or ranselen sin og gav honom. Kongen takka og let væl for detta og sa, at han, som var saa skipsam og passug der i krigen, han vilde aldri koma til lide naud for noko sidan i live heller.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *