Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Olav Torgjusson var ein sumar i Langlim og slo…

Olav Torgjusson var ein sumar i Langlim og slo.

So var det ein dag at han reiste fyre nordi heidi og byrja slaa aaleine paa ein stoule der. Daa det leid i kveldingi høyrde han ljom av bjøllur og staak av folk og krøtur. Um ei stund saag han ei stor buferd, som kom rekkjande upp buvegen jamsides stoulen.

Olav rette seg upp, og stod lengi og stirde paa detta, og forundra seg kven detta kunde vera og kvar dei skulde av. Fyre gjekk tvo karar og leidde kvar sin hest med store klyvjar paa, og etter kom ei lang ferd med krøtur.

«Dæ bit ikkje rart fe ‘n,» sa karane med kvarandre og stirde nedpaa Olav som slo.

«Ja, bit ikkje ljaaen no, so veit eg ikkje naar ‘n bit hell, daa, tenkte eg mæ sjavemeg,» fortalde Olav; «eg hae nettupp bonde i ein nyslipa ljaa, som beit saa dæ ylde i grase,» sa han.

Men medan Olav forfura seg yvi detta, og so vilde sjaa umkring seg att, so hadde heile ferdi kvorvi burt, og han korkje høyrde eller saag det som likna folk eller krøtur.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *