Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Olavs-brunnen paa Karten

I Brekkedalen paa vest-sida av Karmøyi er det ei kjelda som Olav hev gjort, etter som segni segjer. Det er ei bugt som skjer seg inn fraa sjøen sunnanfyr garden Vikingstad. Fraa den havbugti gjeng Brekkedalen radt til sjøen ved Torvastad. Dalen gjeng fraa nord til sud, og i botnen er han ikkje stort høgare enn havet. Dei segjer at sjøen hev gjenge tvert igjenom der i gamle dagar.

Heilag-Olav kom ein gong siglande der utanfyre. Skipet kom med stor fart og sette beint paa flaaberget; men det sette ikkje uppaa som andre skip vilde gjort; det skar seg veg gjenom berget, og etter kvart som det gleid fram, rann sjøen etter.

Daa dei var komne paa lag midt i dalen, vart kongen tyrst; men paa skipet hadde dei ikkje meir vatn. Daa gjekk kongen paa land og vilde sjaa um han der kunde finna noko; men vatn var ikkje aa sjaa der ikring. So støytte han med knytte neven i berget; det vart ei hola, og i den kom vatnet sirlande. Baade kongen og dei som fylgde honom, fekk det vatnet dei trolig, og enno er det vatn i kjelda; ho turkar ikkje ut um det er aldri so lang turkerid. Dette vatnet er det helsebot i; serleg skal det gjera godt fyr vonde augo. Kjelda ser ut som ein knytt neve skulde ha klemt seg ned; men det maa ha vore ein hortug stor neve.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *