Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Ole C. Reistad

 

Han er blitt kalla Gamle Reistad’n eller Halvorsett’n, han budde i Halvorsett ei tid. Han skreiv sei for Ole C. Reistad.

Han var ein mann som hadde greie på noko av vert Han les mykje, og tenkte på det han les. Helst var det juridiske skriftir, og han var ein sløg kar når det galdt juridiske spørsmål. Men han hadde tungt for å snakke. Det hadde derimot ikkje han gamle Asle Hoffart. Skrivaren sa det ein gong:

«Hadde Ole Reistad hatt talegavene til Asle Hoffart, skulde fanden vært både skriver og fut i Sigdal.»

Han var i beit med det at han ikkje fekk sagt det han vilde, men det han kom fram med, var godt. Det går mange stubbar etter han.

Det var ingen her i bygda som les gamle papir slik som han. Difor tok følk med sei slike til han og fekk han til å lesa døm. Det var både papir og skinnbrev. Dessa stod att etter han i Halvorsett. Der kom musa i kassa og skar sund alt sammen. Det vart helst gamle deileskontraktir og skjøtur han les for følk.

Det skulde vera et ting ein gong. Detta skulde Reistad’n vera med på. Da han kom, var både lensmannen, Berger, og mange andre kømmi. Berger var god til å få sagt det han vilde, men han kom til kort når han kom ut for Reistad’n.

«Det var da fælt så meget stygg fant som kommer her lell,» sa lensmannen da han fekk sjå Reistad’n.

Da såg Reistad’n kringom sei, og såg vel på alle samma.

«Synes du det?» sa han. « Je ser ikkje meir enn ein, je.» Og så såg han så på lensmannen med det samma.

Lensmann Berger var så strid med at veigen var som han skulde. Det var han som hadde tilsynet. Men så hadde Reistad’n å stå føre noko av arbeidet på den nye veigen over Råen-skaugen. Berger kom og skulde sjå. Han syntes ikkje at veigen var god nok. Han var flat i staden for å vera kuvin (konveks).

«Vet du ikke, min gode Reistad, at veien skal være som et kistelokk?»

«Skal det vera oppe eller att da?» spurte Reistad’n.

I 1850-åra høldt døm på og bygde ny kjørke. Gamle Stub, presten, og gamle Reistad’n var oppmed og såg på. Presten vart tyst, og lurte på om det var vatn å finne nokon stad der.

«Ja, vatn er det nok,» sa Reistad’n, «men det må vel vera i et glas på et brett?»

«Å, en treskål på en bordstubb klarer sei enda,» svara presten.

Da kjørka var ferdig, skulde Reistad’n følgje presten dit ein dag. Det var noko dem skulde sjå på, Stub og han.

«Synes du ikke vi har fått en prektig kirke nu da?» spurte presten.

«Å jau, bare vi hadde hatt ein god prest au nå så,» svara Reistad’n.

Ein gong var han bedt til presten til middags. Prestfrua hadde laga til karvekål.

«Hvordan liker du årets grøde da, Reistad?» spurte ho.

«Å, vi har ikkje eti tå krøttermaten enda på skaugen,» svara han.

Det var snakk om hå for slag kønnslag skulde like sei best på myrane. Da sa Reistad’n det:

«Døm sier at rugen ikkje likar sei på myrane. Men je sådde rug på myrane ein gong. Han måtte like sei, for det kom ikkje att ein einaste ein.»

Lensmann Berger kunde vera grov til å sei’. På et møte sa Reistad’n noko som Berger svara slik til:

«Å, dra til helvete!» Da svara Reistad’n så lognt:

«Je var der i går. Je slapp ikkje inn. Døm sputta etter mei og spurte etter dei. Du hadde nyklane, sa dem!»

Ei tid dreiv han så med å tenke på alle slags maskinar. Det er ei heil tjukk bok med tegningar etter han, det er maskintegningar.

Han laga sei ein turbin tå tre. Han sette’n opp i Prestfossen. Men så da han sette vatnet på, gikk turbinen bakvendt. Han hadde forrekna sei med’n.

«Har du sett slikt!» Sa han. «Så får følk detta å le åt au!»

Reistad’n og kjæringa skulde til kjerka. Døm kom kjørande gamleveigen om Haugan og Holmen og var kømmi fram i Prostbakken da det vart ringt ihop i kjørka. Da kjæringa hørte det, vart ho illsvien. Ho syntes ikkje om å komma for seint til kjørka. Men midt i bakken stana hesten, han skulde gjøra noko for sei sjøl. Og Reistad’n lat’n stå. Detta syntes kjæringa gikk for vidt, og sa:

«Du må da ikkje lat hesten stå bare for detta!»

Da kremta Reistad’n, og sa det:

«Flyg og drit sjøl!» Det vart et ordtak sia i bygda. Han kunde vera ganske grovgapute sommetider.

Ein gong var feiaren i Reistad. Så sette han sei fast i pipa. Han kunde ikkje komma opp ell ned. Han ropa at Reistad’n måtte komma og hjølpe’n. Ja, Reistad’n hjølpte’n på sin måte. Han var etter et halmfanga, la det på peisen og sette varme på det. Feiaren kom sei nedatt. Men hå han syntes om hjølpa, det veit je ikkje.

Per Sandbekk, husmann under Reistad, var ikkje blid på lensmann Ussing. Ussing var lensmann her før Berger (1846-64). Ein kveld lensmannen kom kjørande ned i Haugandalen, møtte han ei fattigkjæring som stod midt i veigen for hesten hans. Ho tagg lensmannen etter pengar, men han vilde ikkje gje ho noko. Ho var trå på sitt, og han slapp ikkje forbi. Da vart han sinna og prøva å nå ho med svipua. Da visste han ikkje tå, før ho fata ein sandpåså, ho hadde nedmed sida, og dreiv til lensmannen så han stupa ut or kjøregreia, ned på veigen. Kjæringa flaug.

Følk i bygda visste vel at det var han Per, og ingen annan, som hadde gjort det. Det var fleire forhør. Men dem fekk ikkje noko pårn Per.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *