Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Øli Skogen var namnspurd for trolldomen sin…

Øli døydde kring 1860. Ho var syster til gamle Eivind Jons-lid, og var namnspurd for trolldomen sin.

I ungdomen var ho ei fælande fager gjente og mykje traadd etter av dei gjævaste gutane. Men ho vart likevel gift med Hallvor Skogen, som ikkje plent hadde noko godt ord paa seg. Han var ei liti murve, og ikkje anten ven eller rik, og det vart den svarte armodi Øli skulde koma til liva i. Men Hallvor kunde trolle, og folk meinte, at det var soleis, han fekk tak i gjenta. Han dulde ikkje for det sjav heller.

«E ha nok ikkje fengje Øli, ha eg kje konna mei’ hell mata meg,» sa han ofte.

Truleg er det av mannen sin at Øli lærde trollkonsti — og um so er hev ho snart gjengi yvi meistaren.

Hallvor og Øli budde paa ein litin plass som heitte Skogen, midt inni skogen millom Jamgrav og Fiskhyl i Selgjord.

Hallvor var skomakar, men han var ein kar for seg sjav, som var til noko av kvart. Sat nokon nær honom, naar han sauma sko, so laga han alltid tempoane med armane so, at han fekk køyre den lange pinnesylen sin i kav i laare paa dei, liksom av vanvare. Ofte var han ille uti det for tjuveri, og kom i straff.

Det var jamnast smaatt for dei, og Øli maatte tidt og ofte kringum aa sjaue etter livemaaten. Ho gjekk alltid i ei karmanns-trøye, naar ho var ute og fór. Fekk ho ein matbite vilde ho stødt gøyme det heimatt til Hallvor.

Fór det brurferdir framum paa Skogen, so hadde alltid Hall-vor til vis aa taka ei gamall tromme han hadde, og so klauv han upp paa take av den vesle stogo si og sat der og tromma, liksom til aa gjera ære paa brurefolki. Men so laut det no vanka drammar au daa veit du, elles so vart det no ikkje plent med dei beste ynskje, brurefolki vart helsa av honom. Og folk akta seg, at dei ikkje ertast med honom daa, for dei var rædde trolldomen hans.

*     *     *

Um Øli og trolldomen hennar gjeng her mange sogur.

Gamle Aslaug Vindal fortalde, at eigong med ho og mannen hennar bruka paa Garvik, so var det ein kveld den eine gutungen deira vart so braatt sjuk, og feberen auka paa med hovudspreng so reint ille, og det tok honom so hardt baade i magen og nedfor bringa, at dei tenkte det var gjort med honom i kvar stungi. Dei freista med alle raadir som tenkjast kunde, men inginting muna, og doktor fanst ikkje aa faa tak i. Dei stod uppraadde reint, og i naudi tydde dei til Øli, og bad um ho kunde vita noko raad.

Ho var kje sein um aa koma, treiv guten i fange og stirde paa honom.

«Pytt, dæ æ trolle, detta ongjen hev; dæ skaa eg nok gjera ‘n go att fe.»

So tok ho ei treakels-muldre upp or lumma, og ritar ein rund ring paa panna hans og paa bringa og magen. Midt inni ringen var det ein raud flekk, seinstpaa vart ‘n kolsvart, og so kom det krekande ut ein svart stygg makk baade or panna og bringa og magen. Makkane brende ho upp, og daa var sjukdomen som ‘n var strokin av guten, og han var frisk som fyrr.

*     *     *

Ei onnor vende kjem Øli til Garvik og skal hente mjølk.

Daa segjer ho Aslaug:

«Eg skjønnar ikkje hoss dæ æ laga mæ kjy’n mine i vet, di æ paa slik ein uslaatt, lite æ dæ i di, aa molkar blo alt som ti’ast.»

«Gjev meg et par drammar, saa skaa eg syne deg hokken dæ æ, som kastar vanntrivna paa kjy’in dine; dæ æ vonde augur av grænnænn dine som gjer dæ.»

«Hu langtifraa, saavore hev eg aller noko tru paa,» segjer Aslaug.

Ho gjev likevæl Øli tvo drammar; den eine drikk ho upp, den andre berre smakar ho paa. So tek ho glase millom hen-dane, rister det ei lang slotu, og so nemner ho upp namni paa dei fleste som bur i grendi. Tilslutt nemner ho eit namn. og daa held ho glase upp for Aslaug.

«Her ser du ‘o!» segjer Øli, og Aslaug ser tydeleg den eine av grannekonune sine stande paa hovude i glase.

«Bevare meg vel!» segjer Aslaug og kunde snaut tru sine eigne augur.

*     *     *

Ein dag var Øli til Jamgrav og bad um eit mjølkespann. Detta vart ho nekta, og var difor harm daa ho fôr heimatt. Burti kvigarden gjekk heimekyrne og ein kalv. Øli gjekk burt og strauk kalven yvi ryggen. Daa vart ‘n reint vill og galin, bura og belja og sprang og hoppa rundt ikring og rende imot baade stokk og stein. Mannen paa Jamgrav hadde sett til detta, og reiste etter Øli heim til Skogen. Bad ho so aa taka att trollskapen, som ho hadde kasta paa kalven, ellest so skulde ho koma i rettens hendar. Ho nekta spent aa ha gjort noko vondt. Men ikkje lengi etter at mannen hadde reist, kom Øli og strauk kalven etter ryggen, og daa vart han samstundes i same lage som førr.

*     *     *

Eigong var Øli paa Harthol i Aasheim-grendi. Ho skulde daa vera med i fjose og sjaa krøturi. Daa segjer ho det kona, gamle Anne:

«Her æ saa ille mæ flugur aa avaat i fjose her, saa kjy’n reint vantrivs, eg veit ikkje mi arme raa.»

«Pytt!» segjer Øli; «dæ æ snart aa gjera ve.»

Daa tok ho fri flugur aa nepte inn i ei fille og gøymde innanfyre bringkluten, og etter detta kom der ikkje ei einaste flugu i fjose heile aare, vissare enn gull.

*     *     *

Eigong kom Øli til Hestskodike i Brunkeberg. Gamle Hallvor Heggtveit og Jorunn var der daa.

Jorunn barma seg for kyrne hennar var so i utrivna og mjølka blod.

«Dæ æ inkvor av grænnænn dine som hev avon paa kjy’n dine,» sa Øli. «Gjev meg ein dram, saa skaa eg syne deg hokken dæ æ,» sa ho.

Jorunn gav henne ein dram. Øli la loven yvi glase og riste paa det ei stund, so heldt ho det uppi vere.

«Hu, dæ æ tvo som hev avon,» sa ho.

Og Jorunn saag tydeleg tvo klumpar i glase. So riste ho paa glase ei gong til, og daa kunde Jorunn tydeleg sjaa tvo menneskje-liknelsar i glase. Endaa ei gong riste ho paa det, og daa kunde Jorunn tydeleg sjaa tvo kjerringar, som ho kjende væl, ei var fraa Skotbakkann og ei fraa Uppistogo Heggtveit

«Skaa eg pine di?» sa Øli.

Jorunn drog so til. So riste Øli paa glase att, og daa vart konune so bleike og naalege aa sjaa paa.

«Skaa eg pine di mei » sa ho, og so riste ho att, og daa vart konune bleike som lik.

«Ja, naa ligg di paa sengji aa orkar ikkje røre seg,» sa ho Endaa ei gong riste ho paa glase.

«Naa ligg di mæ døen,» sa ho; «skaa eg pine di mei’?»

«Hu nei, du maa kje drepa di!» ropa Jorunn.

Daa drakk Øli upp drammen.

Jorunn fekk noko salt, som Øli blanda til; det skulde ho gjeva kyrne, og dei vart straks bra. Men aldri hadde Jorunn sanka so mykje smør som etter den tid.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *