Internt referansenummer: 14.03.2011 – Mail
Kilde:
”Gamalt og nytt frå Nissedal”
Nissedal Historielag

Ølproduksjon i Nissedal i gamle dager

Av Gart Nilsen

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

I den tida då Nissedal kommune var tørrlagt for alkoholhaldige drikkevarer, måtte folk lage slike saker sjølve. Det var for det meste øl som blei brygga. I Treungen var det tri anerkjente bryggeri. Det var Treungen bruk, i daglegtale kalla Saga, Knipestad og Leirosen. Ølet eller Bryggeriet som det blei kalla, var avhengig av jamn, fin temperatur, og slike forhold var det i sagmughaugane.

Om sommaren var det også nokon som brygga i skogen. Ein dag me var i skogen med buskapen, fann ei gamal ku, som var både roleg og snill, ein bryggdunk. Dunken var på godt og vel 10 liter, og kua, som me kalla Rosa, ho skåla til botn. Det blei ofte hermt etter ein nissedøl som sa til kompisen sin:”Skål til haltes” når han drakk av dunken.

Gamle Rosa slo denne rekorden, men ho blei mildt sagt forandra. Ho bura som ein stut, grov med frambeina i jorda så molda skvatt og stanga i småskogen så kvistar og lauv fauk.

Etter ei tid sette ho rumpa til vers, og mageinnhaldet kom ut med slik kraft og fart, at hadde nokon stått bak, ville liv gått tapt. Kua la på sprang,og forsvann utanfor synsvidda. Det er tvilsamt om ein god tråvarhest hadde fydd på den fysste hundremeteren.

Då eg kom heim, fortalde eg bror min om hendinga. Han var eldre enn eg og teknisk begava. Nå fortalde han at kua hadde teke i bruk ”jetmotorprinsippet.”

Me som budde på stasjonssida av brua, bruka Saga bryggeri. På den tida var sykkelen det vanlege transportmidlet. Var vegen til arbeidsplassen lang, låg me i brakker eller hus og kom heim i helga. Då var det greitt å ha felles bryggerimester. Me betala råvarene, og han brygga.

Ein laurdagskveld kom eg og ein del andre sammen med bryggerimesteren og skulle ha oss litt øl. Me fann oss ein fin plass, ordna til med ølglas og andre nødvendige saker, mens mesteren henta eit spann øl.  Me slo i glasa og smaka på ølet, men det var ikkje øl. Det var reint sukkervatn. Den språkbruken som hagla over mesteren, egnar seg ikkje på trykk. Etter nærare undersøking fann me gjærposen, like heil og fin på sida av dunken. Forklaringa på fenomenet måtte syndaren ut med. Han fortalde at då han skulle brygge på nytt, måtte han tøme og reingjere dunken. Denna gonga bestemte han seg for å drikke dunken tom. Då det var gjort, hadde han forståleg nok mista hukommelsen. Resultatet av fadesen blei ei helg med edru ungdom.

Knipestad- bryggeriet hadde eg liten forbindelse med, så det får passere i stillhet. Men bryggeriet i Leiroset besøkte eg eit par gonger. I Landvik var det på langt nær alle som lika festleghetane i Leirosen. Der oppe i Landvik budde det òg ein arbeidarpartimann som låg så langt til venstre at han katten hans, ein svart mons, var å rekne som reinspikka kommunist. ifylgje den omtala kjerringa.  Ho fortalde at denne kommunisten jaga alle hankattar mellom Sjeggestadåna og øvre kant av Grova. Han forsynte seg av mat utan å bry seg om eigedomsretten. Dessutan var han far til alle kattungar som såg dagens ljos i nemnte område.

Ein laurdag blei eg og eit par andre av sagagjengen bedne på fast i Leirosen. Me kom sjøvegen med pråm. Andre deltakarar kom skogveg, og noka kom etter den vanlege vegen. Det blei skjenking av øldunken. Ølet var sterkt som fjell, men hadde ein underleg, dårleg smak. Det var fest på Solborg, og me for dit ut på kvelden.

Sondagen kom, og då presten var ferdig på prekestolen, reiste ein del tyrste sjeler til Leirosen i håp om at ikkje alt var drukke opp. ”Nej, det var”några liter kvar.” Han drog litt på det svenske, han som undersøkte dunken. Me gjekk bort til dunken. Me blei stille, me au. Øyro til ein katt var synleg. Det synte seg å vere kommunisten som hadde endt sine dagar i bryggdunken. På kva måte kommunisten var komen opp i dunken, det er eit mysterium. Noka trudde det var sjølvmord. Andre meinte at han drakk seg i hel, og enkelte andre påstod at det var eit godt planlagt mord.
Dette var det siste store kalaset i Leirosen, og ølet blei i ettertid kalla ”Kattølet.”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *