Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Om gand i Aukra

Trollkjerringane laga gand av develskap og knappenåler. Han var rund som eit nyste. — Dei fann ofte gand i daude dyr.

For å få greie på kven som hadde laga ganden og sendt han ut, tok dei han og la han i ei gryte. Ei onnor gryte kvelvde dei over, og so turrsteikte dei ukrutet til det vart berre oske. Men då måtte trollkjerringa fram um ho budde sju mil derifrå. Og ho for ikkje vel, stakkar.

Ganden slo daudt alt han råka. — «Han stupte som han var gandskoten,» seier folk den dag i dag.

Ved Mods Hukkelberg, Aukra, Romsdalen.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.