Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Ola på Tømto


Om haugaty

Det er to sætri på Lærskoge…

(Eit ettertak hjå Ola på Tømto)


Det er to sætri på Lærskoge. Dei heiter Mørkedalssætritn. Den eine høyrer til Milevatne og til Brubakklykkjun på Bagn. Anton i Søre Håvardsonplasse var på denne sætri med mor si. Ein kveld heldt han slik ståk ute på trø-i saman med Milevass-ungane. Morene åt ungane sa til dei:

«Dø må 'kji halde slikt leven! De er kveldvardt her!» (rd er tjukk!).

Ungane akta ikkje dette. Dei dura på med sitt, verre og ikkje betre.

Det gjekk vel til dei hadde lagt seg. Då tok det til å dundre i fjøset, plent som nokon hadde kasta mjølkekrakkane vegg i mettom. Morene åt ungane opp og bort i fjøset, men då korkje såg eller høyrde dei noko. Men dei hadde ikkje før vel kome innatt, for same levenet tok til att. Dei åt fjøset ein gong til. Like stilt var det. Då dei no kom innatt og såg ut gjennom gluggi, visste dei ikkje ordet tå før fjøsdøri gjekk opp, og ut kom krøteri rekkjande. No hadde dei vorte løyste.

Dei batt inn att, og sidan var det ikkje meir. Du kor mykje rart det var før, du!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *