Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Ola på Tømto


Om haugaty

Ei kjerring på Braka

(Eit ettertak hjå Ola på Tømto)


Eg minnest ei kjerring på Braka, som vart so ille ute for sirislun, eit lite krek som liknar på engspretta. Kjerringi heitte endå Marit. Ei natt låg ho vaki, for sirisla skreik so i peisen. Best det var, kom det inn til henne ein mann. Han sa:

«Ligg du vakin for sirislun?»

Ja, ho gjorde då det.

«E veit rå for de, e!» sa han. Du ska ta ein navar o gå ut om veggen o børa gjøno ein stokk o inn på peislae. Då ska du bli kvitt 'n,» sa han.

Ho Marit takka for rådi og spurde:

«Kor bur du då?»

«Å, e bur oppi hauge her!» var svaret.

Det er heilt sant, skuld' vøre, dette!

Den tidi denne Marita levde, sætra Braka på Gravsæteren. Ho Marit var budeie og hadde med seg på sætri ein liten unge, heitte Jens. Ein dag hadde ho sett frå seg ungen. Eg veit ikkje anten det var på buagolvet eller ute på trø-i. So vart guten borte. Ho tok, som ventande var, til husere og leite etter han i kvart smott og smog. Men ho fann han ikkje kost ho leitte. Då sa Marit:

«Ja, so får de ha 'n i Jesu nam'!»

Ho hadde ikkje før vel sagt dette, før ho vart var ungen, der ho hadde sett han.

Dei vilde ha det til di at ungen frå den tidi hadde fått ei meir kuvi bringe enn han hadde før. Elles var han uskadd.

Denne Marita sat ein dag og batt på ein sokk der på sætri. Med ho sat so, vart ho med ein gong so trøytt at ho sovna. Då ho vakna, var alle bundingstikkone hennar trædde or bundingen Men dei var stokne inn mellom overleret og solen på eine skoen hennar. Der stod alle fem i ei rad.

Ein dag var Marit bort i skogen med krøteri ved Øyvassknatten. Der høyrde ho tydeleg det kinna inne i berget. Best det var, vart det liksom late opp ei dør i knatten. So var det ein som slo ut noko kinneskyl. Dette er vatn dei har vaska kinna i.

Far hennar Marit heitte Jens i Hall'n. Han var ein vår på Gravsæteren og gjerde. Med han dreiv som likast med dette, kom ein huldremann til han og sa:

«E vilde gjedne at du skulde fløta fjøse ditt som står her. Når kjydn gjera, so kjem det ne på bore mitt. De ska 'kji ska de, men bate de, gjer du dette!»

Han Jens var lydig og flytte fjøset so snart han kunde.

Ein gong dei buførde heimatt frå denne sætri, hende det noko underleg. Det var mykje ungdomar på stølen der bufóreftan, og dei var, som ungdom er, urolege. Sume kokte åt prim, og andre dreiv med noko anna.

Ein Gudbrand Sagli'n hadde krøter der. Han tok flytte gryta si ut på trø-i og gjorde opp varme åt henne der. Det var so snautt med plass inne i sæterbui. Best det var, vart det kasta ein stor stein bort i varmen under gryta hans, so oske og eld spruta. Haugatyet likte seg ikkje.
Ein dag hende det noko merkeleg med ei kyr frå Finhert på same stølen. Ei kjerring var ein dag på stølen der og dreiv og gjætte krøteri borti gjætslone. Best det var, vart det borte ei kyr for henne. Ho leitte alle stader, men ho fann ho ikkje. Men då ho kom på sætri att om kvelden, var kyri inne i sæterbui, og døri var attstengd for henne. Ja, so er det sagt meg!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *