Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Ola på Tømto


Om haugaty

Ho var or Dale på Lærskoge

(Eit ettertak hjå Ola på Tømto)


Noko underleg hende ei kjerring som sat på Liabekksæteren. Ho var or Dale på Lærskoge og heitte visst Anne. Ein dag sat ho på buadørstokken og saumde på ei skjorte. Nett den dagen stod det eit bryllaup på Nerøygarde. Best det var, høyrde ho Anne so fin ei brudemarsj. Ho tenkte det kan hende var brudeferdi som kom, og at det var spelemannen ho høyrde. So stelte ho seg til tralle låtten oppatt, og til slutt hadde ho lært han. Med ein gong var det som ein hadde trive handi hennar og slege ho i kjeften med henne. Men då hadde ho ogso gløymt låtten ho hadde lært. — Ho vart snart viss med at det ikkje var spelemannen i bryllaupet i Nerøygarde ho hadde høyrt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *