Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Ola på Tømto


Om haugaty

I Bagn…

(Eit ettertak hjå Ola på Tømto)


I Bagn levde det ein mann del kalla Tomas Skar. Han var so flink til å spela i never. Det var den fine undernevri han bles på, og då let det so fint. So var det ein gong med han gjætte, at han sat og spelte i never att. Då korn det brått til han eit gamaltvore kvinnfolk og spurde:

”Vil du vera so indele snill å koma o spela i brølløppe åt døtte mine?»

Han Tomas skjønte snart kva folk ho var av og skulda på at han skulde gjæte. Då svara ho litt tvert:

”Å, krøtere dine ska nok bli passa, dei!”

Då han Tomas drygde med svaret, sa huldraty-kvinnfolket, for ei slik ei var det:

”Sole e høgt no!”

Han Tomas glåmde opp. Då han so skulde sjå på kvinnfolket att, var ho borte. Han laut no finne krøteri sine. Men dei var ingen stad sjå. Det vart seint på kveld før dei kom til rettes att. Dette var nok ei rar hending. Men ho skal vera heilt sann!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *