Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Ola på Tømto


Om haugaty

På Lærskoge

(Eit ettertak hjå Ola på Tømto)


På Lærskoge er det ein gard som heiter Stanfinmarke. I dagleg tale kallar dei han Sæterhaugen eller Sætre. Garden har vore ein lut av Hafton. Der er det ein stor haug inn på jordet. Her var det mykje haugaty. Sæterhaug-mannen og desse stod seg svært godt med einannan. Difor fylgde lykka garden. Hesten var alltid so feit og fin, endå han stelte han berre måtekeg. Sæterhaug-mannen freista laga seg etter haugatyet på alle måtar, so dei skulde like seg. Om kvelden la han og huslyden seg tidleg, og stødt var dei stille og folkelege.

Det gjekk vel og godt i mange år. Men so tok Sæterhaugmannen til vera lenge uppe om kvelden. Stundom dundra han og heldt leven ogso. Dette likte nok ikkje huldratyet. Ein dag kom ein huldrakall til han:

”Du ha vøre so go granne før, men no er du 'kji de lenger. No lyt mø fløta her i frå. Men de sko de nokk ha att før!» sa kallen.

Det seiest at huldratyet no flytte frå Sæterhaugen til ein knatt dei kallar Heggjihærin. Han ligg i sætermarki til Tømto. Frå den tidi gjekk det attende med Sæterhaug-mannen. Til slutt gjekk det reint ut med han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *