Internt referansenummer: 24.10.2010 – A
Kilde:
FOLKETRU OG FOLKELIV PÅ HÅLOGALAND II
Johan Hveding
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 53
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1944
(Klikk her for å lese Fyreordet til boken)

Om Trollkatt og Dragdokka

Dragdokka.

I gamle dagar laga dei dokker av filler eller lurver (lørver). Det hende at kjerringar kunde trolla liv i desse dokkene. Dei sette då dokka til å draga til veges åt seg ting som dei kunde ha gagn av, og flinke dokker, kunde draga frå sju kyrkjesokner. Det var dragdokkene, dei kalla.

Trollkatt.

Sume kjerringar hadde ein katt som dei hadde laga seg og trolla liv i. Desse kattane kunde stryka ut på bygdene og syga mjølk or kyrne, og når dei kom heim att spydde dei smør. Difor vart dei 6g kalla smørkatt. Nådde nokon til å slå ein smørkatt, så vart kjerringa som åtte katten, og slegen. Og drap ein katten, så gjekk kjerringa og åt. Når kjerringa hadde laga seg ein smørkatt og fått liv i han, sa ho til han: «Kis ut! Drag smør, katten min!» Ei kjerring vart sint for noko med same ho skulde setja katten til arbeids, og så missnakka ho seg: «Drag — skit!» sa ho. Og katten drog skit, så det vart ikkje verande på garden. Sistpå vart det så fælt at kjerringa laut drepa katten; men då drap ho seg sjølv med det same.

(Balsfjord.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *