Internt referansenummer: 04.10.2009 – A
Kilde:
Folkeminne frå Sunnmøre II
Jørgen Gjerding
Ålesund 1932
I kommisjon hjå Alb. Gjørtz Bokhandel
Klikk her for å lese en ”innledning” til boken.

Om udyr og veidemenn før i tida

For ei 80 år sidan og før den tid var det mykje udyr i markene her på Sunnmøre, både bjørn og gråbein. Og mykje skade gjorde dei på krøtera kvart bidige året. Dei måtte gjete både ku og smale; men endå fekk ‘kje bøndene ha krøtera sine i fred. Men so var det ogso nokre modige menner mest i kvar bygd, som la seg etter å få livet av desse uvelkomne gjestene. Det fylgde ei viss spaning med denne veidinga, og dertil kunde det vere lønsamt ogso, for dei som hadde det rette laget og fekk livet av nokre slike skadedyr.

Ein av del mest namngjetne bjønnaskyttarane heitte Boda-Jo, eller Jon Bodvardson Nysæter. Han felte 42 bjønnar i si tid. Når dei såg far etter bjønnen i Stordalen, sende dei bod til han Boda-Jo, og han var ‘kje sein til å kome. Og fekk han fyrst tak i faret, so var det oråd for bjønnen å lure seg frå han.

«Eg kjem sovel ihug ein gong eg såg han Jo sett seg til å ete opor nisteskreppa si» — fortalde han gamle klokkar Peter Holm, — «kor han heldt ei kokt bjønnalabb i den eine handa og flatbrødleiven hi. Og feittet rann so herleg or munnvikane hans, og rett som det var, sleikte han bjønnafeittet av fingrane sine med. Både han Jo og huslyden hans livde mykje av bjønnakjøt, og det var ‘kje ringaste kosten det,» sa han Holm.

— Gråbeinen var ogso svært nærsøkjen og gjorde ofte skade den tida. Om vintrane kom det ofte store gråbeinflokkar over fjella og ned i Stordalen. Og då galdt det å ha geitene heime og inne! Når gråbeinen hadde husert ei tid i Stordalen, la han vegen sin innover Hovs- og Holmestranda, gjenom Pe-Knut-stigen og Roshammarstigen. Det kunde vore ei lett sak å stengje att desse smale stigane; men Holm høyrde aldri nokon tala om det. Gråbeinen fekk fare som han vilde.

Gråbeinen var svært tråsøken, især om nætene. Hn gjekk og snusa fjøsveggene om han kunde sjå seg ei smotte å komme inn å drepe eitkvart krøteret. Det vart ikkje so mange gråbeinar som vart skotne heller. Det var især han gamle Jasvoll-Pe som var flinkaste gråbeinskyttaren i Dalen, og mange av hovudskallane heng der endå på stabbursveggen deira på Jasvoll.

Han Stavå-Pe var ogso skyttar, og det var han som utrydda gaupa i Stordalen. Peter Nakken og Andreas Talberg var ogso gjæve veidemenn, især var dei hepne med å leggje ut gilder eller sjølvskot, og dei tok mangein bjønn avdage på denne måten. På Talberg hev dei innretninga liggjande endå, og det er sanneleg ikkje so liten kunst å stille eit gilder slik som det skulde gjerast.

Ein gong miste dei ei tobbe på Stavseng i Liabygda. Og so grov dei henne ned i myra nedanfor husa. Leid fram på hausten såg dei der var ruska og grave so, der nedi myra. Dei fekk greie på at det var bjønnen som var ute og ferdast – dei såg bjønnefar i myra. So vart ein vèr noko skamfaren, eista var undareva, og den som truleg hadde gjort ugagnet,
var sedd gå luske fram i markene. Ein av grannane rådde dei til å gildre etter bjønnen, men då ingen av dei på Stavseng hadde vore bort i slikt rarbeid, fekk dei han Ole Peter Lied, som var ætta frå Geiranger, til å leggje ut gilder nedi troskotet som stod eit stykke nedanfor tunet. Fire ladde byrsepiper var vel feste i ein trestokk som var felt nedi ei kasse, og alle pipene var lagde slik at dei sikta på åtet, omlag eit halvt skolmål derifrå. Desse stod i samband med kvarandre ved ein grann streng, soleis at når åtet vart skipla, drog strengen laus flintelåshanen, og då — om alt verka som det skulde gjekk alle fire skota laus med ein gong.

Det var ‘kje so lite styr med dette, og dei heldt på kratle med det radt til klokka 9 om kvelden for dei var ferdige. To gutar var so nyfikne etter å sjå kor det gjekk, at dei sette seg på vakt oppe i løgluggen. Då klokka var 11, timde dei noko som røyvde seg nedpå myra. Då var bjønnen alt ute og gjekk. Det var endåtil 3 bjønnar ilag no. Dei hadde vorte so godt van sidan dei hadde gjenge og ete av den maraskrotten ei heil veke, at dei heldt seg trygge. Den største bjønnen gjorde fyrst ei vende rundt og såg seg ikring. So skulde han smake på etslet og fekk ulukka over seg med’same. Han drog seg nokre famner bortetter marka; men der lagst han for godt. Og då dei flådde og stelte han, fann dei ialt sju kuler i skrotten, to var gamle kuler som han hadde fenge i seg før ein gong, ei i bogen og ein jarnmole i halsen. Men bjønnen er utruleg seigliva, han. Det var ein stor rugg til bjønn, ikring 12 våger vog han (216 kg.) Noko av kjøtet vart selt; men mykje åt dej no sjølve på Stavseng ogso. Det var so millom 1840-50 dette hende, fortalde han gamle Anders Larsen Stavseng.

Det var kje plent so fårelaust dette med gilder. Difor hadde dei plikt på seg til å kunngjere det, dei som la ut gilder. Men somme tider kunde dette verte forsømt, og til andre tider kunde folk kome fram på slike greier og i tankeløyse kome bort i eitslag, so skot gjekk laust, og det hende ulukkor ein og annan gongen som me kjenner til.

På Straumegjerde i Sykkylven budde det ein plassemann som heitte Jakob Simonsen. Faren, han Simon, var komen frå Hjørundfjorden og var ein svært interessert bjønnaskyttar. Sonen, Jakob, dreiv med å leggje ut gilder, og han fekk sakte livet av ei 2-3 bjønnar på den måten. Ein gong hadde man lagt ut sjølvskot rett ovanfor garden Velle. Det var om hausten, og so hadde to born, ein gut og ei gjente som var sysken, treft frampå dette, men skyna ikkje kva det var. Gildret var vel tildekt som skikken var, berre etslet, hovudet av eit bukkekje, var synlegt. Då Lars såg dette, sa han ta systera:

«Her finn me hovudet av bukken min,» og rauk ned i honna; men då small skota laus og skadde honom i foten. Foreldra tok honom med seg til ein doktor i byen; men det sette seg kolbrand i såret, og guten døydde av det. Systera, ho Severine, fekk ogso noko skade i eine hofta; men ikkje verre enn at ho stod det over. Ho vart seinare gift til Kjønes.

Han som hadde lagt ut gilderet, fekk nokre dagars straff for det han ikkje hadde kunngjort om gilderet på lovleg vis.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *