Internt referansenummer: 02.02.2022 – B
Kilde: «Slik var hverdagen»
Arbeidsfolk forteller frå husmannskår, anleggstid og kriseår.
Redigert av: Hallgrim Høydal, Kari Moen og Jostein Nerbøvik
Notodden historielag
NKS-Forlaget
Oslo 1988
ISBN 82-508-0499-6

Forteljar av denne historien er Gunnleik H. Mjellekaas

 

Omgangsskulen

I gåmmål ti va dæ omgangsskule hær i bygda. Den va nokka dågå på verr gard — hell va dæ ei viku? Dæ va tri krinsar, o på den garden i krinsen dær dæ va best rom, helt dem skule. Far konne løså o skrive nokko. Dæ va slik den gongen han gjekk på skule at ongein frå ein plass ikkje fekk lære o skrive o regne, men far som den gongen va på Mjelland, fekk nå lære dæ. På Mjelland va dæ gamlingen som sa dæ te læraren at far sku få lære skriving, o dæ fekk han. Husmannsongar ha’kje bruk fe slikt, blei dæ sagt. Goffa konne au løså, men skrive va han klein te — han va fødd i attenhondre-o-søtten. Dæ einaste han konne, va o spikke nemnet sitt i ei fjøl. Eg bynja på skulen hær sudpå, o me gjekk om veten. Dæ va to klassu, o stort o smått gjekk sammens. Me blei så mange at dem måtte deile på konn, o så blei dæ to store o to små klassu. Lærarein va greie, men ongar æ ongar, o da som nå, uregjerlege. Ein gong va dæ to gutar som ha vori på aksjon, o va borte om notta. Som straff sku dem ha ris — dæ va o slå ivi fingrein. Præsten va uppe o bestemde hå mange slag dem sku ha, o læraren henta ei viu. Nå måtte gutein leggje fingrein på pulten, o så dengde læraren te præsten sa at dæ va nok. Sytjå att va ei skam, o når ein gut hell ei jente sku sytjå att, græt dem fært. Men så satt dem ei bel, o so kom læraren o svella mæ dem. Så slapp dem heim.

Dæ va’kje så rar lærdommen me fekk. Mest va dæ lesning, bibelhistorie, forklaring o kakjisme. Dæ va nå ikkje lang tia me gjekk på skule — ein tur fyri jul o ein tur ette. Eg trur me gjekk åtte viku sammenlagt i året.

 

 

Om forteljaren Gunnleik H. Mjellekaas

Forteljaren, Gunnleik H. Mjellekaas, blei fødd i 18751 Gransherad. I dag er Gransherad ein del av Notodden kommune. Intervjuet er frå 1956.

Far hette Halvor Gulliksen Mjaugeto, o mor Torbjørg Jonsdotter. Ho kom frå ein liten jordveg som hette Dalen nordmæ Reisjå i Mostue.

Dette er historia om ei tid då folk tente lite og svalt ofte. Gamle folk gjekk på legd og ungane frå ein husmannsplass fekk ikkje lære å skrive og rekne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *