Internt referansenummer: 04.11.09 – A

Kilde:
I MANNS MINNE BAND I
Daglegliv ved hundreårsskiftet
Frå Nasjonalforeningens landskonkurranse for eldre
DET NORSKE SAMLAGET
OSLO 1967
Klikk her for å lese en kort biografi om Olav Omvik.
Klikk her for å lese ”Førordet”.

Omviketunet

Side0274
Side0275
Når eg no – 85 år gamal – tenkjer attende til barne- og ungdomsåri, ser eg for meg det store firemanns Omviketunet i Omvikedalen, Kvinnherad, ein god kilometer opp frå sjøen, slik det låg like til siste hundreårsskiftet. Det var den gamle loven som hadde skapt tunet, med påbodet om at når storgardar vart skifte, skulle kvar mann etter måten få like mykje av åkeren, av den gode bøen og av skrapabøen. Dermed vart tunet like sentralt for alle. Og det var den nye utskiftingsloven som kløyvde tunet sund med påbodet om at kvar mann skulle få garden sin i eitt stykke.

Bygdevegen gjekk gjennom tunet nokolunde i sør-nord retning frå dalen og mot sjøen. Ei rad med store bjørker livde så godt mot sørausten, og nokre digre gamle piletre midt i tunet gav svaling i sumarheten.

Tre av løene i rad etter kvarandre, samanbygde under sams tak, ei med innebygd flor (fjøs), ei onnor med innebygd sauehus. Den fjerde løa låg for seg sjølv med flor og sauehus under same taket, og hestestall i halvtekkje attåt løetverrveggen og med møkeskut under floren. Ingi av løene hadde køyrebru, og treskjelåven låg tvers gjennom løa heilt ned på auren. To mann hadde kvar sitt eldhus; dei to andre hadde eldhus saman. I eldhuset var grue-eldstad og ein stor mura firkanta omn med malmhelle og trekarm på, til kornturking når der skulle malast, eller til kakesteiking til bryllaup eller sjund (gravøl). Ei stor malmgryta hang i skjerding over grua til å koka graut og rauddravle i bryllaup, til skåldevatn i slaktingi, til klesvask, brygging og vadmålsleting. Eldhuset var òg nytta til røyking av kjøt, pølse, flesk og vårsild.

Så hadde kvar mann stabbur med kornbing og mjølkiste, og med krokar i sperretaket til spekeflesk, kjøt og pølse. Røykjesildi hang i forsvali framfor sjølve buret. På stabburshyllene sette mor frå seg skjålykt (lykt med skjå, gjennomsynleg hinne), ljosestakar, smørform, ei stor korg med hornskeier, og den fint prydde senge-grautambaren med sviekroting på lok og gjorder. Varmaste sumarvekene hadde ho også rjomekollene der. På stabburssvali sette far inn orv, ljå og sigd når slåtten og skurden var ferdige. Der var ei liti handkvern til å mala salt med, men mor brukte salthelle og ein halvrund, glatt stein til å knusa grovsalt med når smør og annan mat skulle saltast. Grovsalt var det alltid på stabburet, og høge ruver med flatbrød, for havreflatbrød var ein viktig lut i dagleg kost og laut rekka til neste haust. Det var i minsto meiningi, men mor måtte jamt baka flatbrød to gonger for året.

Så hadde kvar mann vedhus, eller «skytja», som vi sa, og svinehus og vetlehus. Berre ein huslyd som budde litt utanfor tunet og ikkje åtte jord, hadde «sotting» under herr himmel utfor eine stovetverrveggen. Der låg oske og mold til å grava gjødsli ned med etter kvart, så sottingi bygde seg opp til ein heil komposthaug som vart nytta om våren på dei små åkerflekkene som denne huslyden fekk låna hjå gardmennene. Utfor dørene i dei florane som det ikkje var skut under, låg dei store gjødseldammane som budeiene bar møki ut på når dei moka i florane. Det var kara-arbeid å leggja dammen ned – jamna utover – når det hauga seg for mykje opp nett utfor florsdøri. Sjølvsagt var ikkje desse gjødseldammane etter våre helseråds-reglar, og det hende vel at distriktslækjaren knurra når han køyrde gjennom tunet. Men dammen låg der til folk flytte ut etter utskiftingi og bygde seg nye uthus. Verste teven var det om våren når gjødselkøyringi tok til. Mange av småhusi var bygde som halvtekkjer innåt veggen av større hus, såleis staurebolkane og to vetlehus.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *