Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Onnene og gamle merke for dei


Den fyrste sådagen var mest som ein høgtidsdag. Det fyrste eg hugsar, hadde dei liksom eit gjestebod på gardane fyrste sådagen. Det var betre kost for arbeidsfolki heile dagen då. Såmælen var dei gamle bøndene svært varsam med. Han vart aldri brukt te anna enn å ha såkorn i.

Fyrst var det våronn. So kom lauvveka i tredje og fjorde veka etter jonsok.

I femte veka etter jonsok tok slåttonni te.

I Vestringsbygd-sameiga bar dei fôret saman i store sætor, som dei kalla vintersæto. Det kunde vera mange lass i kvar sæte. Under sætone la dei sætestøe av turre krakar, staurar og liknande. Ned på dette la dei gjerne tvo kjembor i breidd, lagvis, og so langt dei trong det. So trødde dei fôret saman. Kjembone la dei titt innpå kvarandre, so sæta ikkje skulde ta inn vatn. So smelka dei sita inn, so ho kveste upp. Sætone var vanleg dobbelt so lange som dei var høge. Sume laga og stakk og kuv. Dei brukte båe namni.

Millom våronn og lauvveka var det melonn. Då reiste bøndene upp ved, dreiv med jordarbeid o. s. b. Kvinnfolki baka sumarsbaksten, som varde uppte ei veke.

So spann kvinnone garn åt gjætarane. Gjætslegjentone hadde mest alltid med seg ein bunding i gjætslone.

So vart det skurdonni. På dei gardane det var pynteleg stell, var det med folk og plukka upp aksene etter kvart dei køyrde inn loi. Alt det dei sanka saman på åkeren, treskte dei upp fyrst på vinteren. Dette skrapet kalla dei aksetøs. Dei bøndene som såg at nokon skar fint og pynta kornstråi vel tå jordi, dei gav gjerne desse skurdafolki sine eit pund mjøl te jol attpå arbeidet.

Vart det eit lite slet millom skurdonni og kantøffelgravsten, var det å slå utmarkslått.

So var det lauvsoping og mosetaking. Lauvet turka me på hjellar eller på marki.

I Vestringsgardo brukte kven som vilde, og som åtte heime i bygdi, å ta upp mose um haustane. Me tok han upp i mildt regnver. So stappa me han i teinor, bereteinor, og bar han i hop i store haugar, so høge at dei rokk uppå bringa på ein vaksen kar. Ein staur vart sett ned i toppen på haugen. På denne skreiv eigaren namnet sitt. Det vart ofte fleire lass i kvar haug.

Denne mosen gav me kyrne um vinteren i sørp saman med agner og hestegjødsel.
Mauren er klok. Han veit kva som er beste såtidi. Bonden kunde difor gå åt mauretubba og spyrja mauren te råds. Han tok då og stakk ned i tubba tre likt lange pinnar på ein gong, ein for tidleg såtid, ein for medels såtid og ein for sein såtid. Den stikka mauren fyrst nådde toppen på, den såtidi var best.

Når karven var fullfroa, var engi takande.

Når dei gamle lauva, hadde dei lage. Ein gut skulde te dagen lauve 80 kjervar og ei gjente 60, når det var «dårleg skog», mykje høg fellingskog. Me held ei snodig rekning med kor mykje me lauva. Straks me tok te med lauvingi, skar me oss ein mjuk kvist. Denne spikka me firkanta i tjukkenden. Den andre enden vreid me mjuk og feste han i eit knapphol. So skar me ei skore i ein av dei kvasse kantane for kvar kjerv me batt. Når me hade lauva ti kjervar gjorde me eit strek tvert over eine flata. Denne pinnen kalla me talstokk.

Når svala var burte, var lauvet turt og skulde setjast i kuv.

Når lauvet var turt, vart det stekt i runde lauvkuvar. Kjervane halta litt ut i kuven, so dei slo av seg vatnet. Små kjervor vart trødde inn millom dei store, so det vart tett.

I Vestringsgardo lauva me um hausten kvitvier på myrane i sameiga. Dei fine viertoppane breidde me ut over myrane og turka dei noko. So raka me dei i hop og sette dei i saman til store sætor. Viertoppane og lauvet var då mest like fint når det um vinteren vart teke og køyrt heim.

Seinhøystes, straks for lauvfallet, var det taksten å dra på stølane og lauve bjørk. Me laga då fine, småe kjervar med grann stratt og kuva kjervane råe. Dette kalla me båslauv. Me gav kyrne det um vinteren i småe dottar um kvelden, so dei skulde ha noko å tyggje på um natti.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *