Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Oppgjør etter fisket

Oppgjer etter eit fiske gjekk svært enkelt føre seg i småbåttida. Først tok ein unna dei få faste utgiftene som f. eks. buleige og båtleige. Så delte ein det som var igjen i så mange partar som det var mann på båten. «Eg såg sjøl at dei gjorde opp ved å dele pengane på bordet i bua med ein seddel i gongen til kvar mann. Først delte dei alle ti-kroningane, så fem-kroningane og til sist kronestykka og andre småpengar», fortel ein småbåtfiskar frå den tida.

Lenger frami tida blei det ofte bruk for å dele f. eks. med 4 ½ ., og då blei oppgjeret litt vanskelegare. Då kom dei frå det på den måten at dei gjorde alt om til halvpartar, og så delte dei med 9. Mange av dei gamle høvedsmennene var elles flinke til å rekne i hovudet.   
(Jørgen Sørensen)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *