Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

 

ORD FRA PREIKESTOLEN

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde, og er ikke et bilde av Aabeb Løvdahl.

Vigmostad kyrkjegard er det ei gravstytte med denne innskrifta:

«Her hviler residerende kapellan Aanen Løvdahl til Undahls præstegjeld, død i sit 86 aar 1826.»

Denne presten vyrde lite kva han sa på preikestolen. Ein gong i haustonna tala han i kyrkja om «Den rike bonde». Medan han la ut om
teksta kom det ei regnbyge. Presten hugsa i det same på alt høyet som låg ute og sa:

«Det gik til helvede med den rike bonde.»

Med desse orda slutta han preika og gjekk av stad og høya.

Ein gong seinare tala han om «Bespisningen i ørkenen», og sa:

«Disse brød var ikke som de man lager nu om stunde; de var store som Sinai bjerge.»

Om synda ordla han seg ein gong slik:

«Det er med synden som med Ole Syvertsen Hunsdals beg: Ved den mindste berørelse dermed bliver man besmittet.»
(Ole Hunsdal i Konsmo brende bek i dei tider)

I ei anna preike sa han:

«Det er med synden som når gjedene skitende går henad bjergene og skiten falder til alle sider.»

Prestane med Hægebostad
var svære til å drikka. Ein av dei hadde brennevinsflaska med på preikestolen. Kvar gong han tok seg ein skvett av flaska bøygde han seg
bak stolen og sa:

«Se jeg blir borte en tid, men om en liden stund skal I se mig igjen.»

Den same presten skulle ein vinterdag vigsla eit brudepar med Hægebostad kyrkje, men då var han så full at han heldt på å sovna på altarkrakken.
Ein i fylgjet gav han så litt snø, så han greidde brasinga.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *