Internt referansenummer: Bok-05. april-2020
Kilde:
Skreppekarar og anna folk
Av: EINAR ULLESTAD
Illustrert av: OLAF HUSTVEDT
NOREGS BOKLAG
1962
Trykk og bind:
MARIENDALS BOKTRYKKERI A/S,
Gjøvik
Klikk her for å lese «Føreordet»

ORDHAGE FOLK

Før i tida var folk meir ordhage enn dei er no til dags. Dei kunne vera rappkjefta og saftige i munnen so det svei.

Det var og vanleg at folk gav kvarandre utnamn på spit, og det var ikkje mange som slapp utan å få seg eit ekstra namn. Den skikken heldt seg enno, sjølv om det ikkje er so vanleg lenger.

Eg hugsar frå mine gutedagar, det var ein gamal handverkar som budde på Vossevangen som dei kalla for «Inkjevetten» og ute på Bordalen budde det ein mann som dei kalla for «Frysen». Så var det ein kald vinterdag «Frysen» kom ned på Vangen, og der råka han «Inkjevetten». Dei helsa då på einannan og vart ståande og prata ei stund. Og så seier «Inkjevetten» til «Frysen»:

– Du frysù i dag. — Ja, — sa «Frysen», «da è ‘kje berre inkjevetta heldù, da, ska eg saia deg».

Vossastubbane hans Per Sivle er vel kjende. Men det er ikkje alle som veit at det var Johannes Leiddal, eller «Storeljugaren» som dei kalla han, som Per Sivle hadde dei etter. Sivle kalla han Kolbein Hausa i stubbane. Når «Storeljugaren» dikta ihop ei skrøne, trudde han fullt og fast at det var Gudsens sanning alt saman. Attåt garden sin dreiv han som smed, og han var ein hendig og god bygdesmed. Ein gong fortalde han om kor heitt (eller varmt) det hadde vore i smidja hans ein dag.

– Da va so varmt attù takje letta seg tao heta, sa han. «Ja da va endaone so varmt attù tinnknappane rann or veste mino».

Ein gong kom «Store-ljugaren» på hesteryggen i eit ridande vossabrudlaup.

Då brurefylgjet nærma seg kyrkja, stod det mykje folk langs etter vegen og såg på. Då var det ein i folkehopen som ville ha moro med «Storeljugaren», peika på han og ropte: «Dar riù han so kapprai mè kraoko!»

«Storeljugaren» ropte attende i farten:
– Ja, men du rai forare du, dan gongjen du rai pao Malahaugene.

Dei kjende spelemennene Ola Mosafinn og Sjur Helgeland hadde sine tilnamn. Ola Mosafinn vart oftast kalla for Mulen i heimbygda si, etter namnet på plassen under Mosafinn der han var fødd. Sjur Helgeland gjekk under namnet «Brita-Lars-Sjur». Båe var dei ordhage og kunne svara for seg. Ein gong var Ola Mosafinn saman med ein mann frå garden Nåsen i Jordalen. Før dei skildest, seier so Mosafinn til mannen frå Nåsen: «Me e no granna me.»

– È me da, korleis da dao? spør Nåsen.
– Jau, sa Mosafinn, «da è kje so langt frao Mulè og te Nòsne».

Då vart karen svar skuldig.

På Mælands hotell på Eide kom Mosafinn inn og bad om tri flasker øl ein dag.

– Ai te Mosafinnen, ai te Mùle, og ai te meg sjølù.

Presten Anker tok velfar med Sjur Helgeland på ein fest på Voss Folkehøgskule med desse orda:

– Ja, no får du ha farvel då Sjur, og takk for godt spel. Og så vil eg vona at du får det godt med Vårherre.
– Ja, takk i-lige-måde, svara Sjur Helgeland.

Det var ein dyrlækjar på Voss for vel ein mannsalder sidan som hadde fenge ord på seg at han hadde eit godt auga til ei fru Blix. Dette hadde han Viking «Adlestane» fenge greie på. Namnet «AdlestaVikjing» fekk han fordi han budde so mange stader.

Han slo i hagane til folk på Vangen, og ein dag var han på Ullestad eller Lekve med stuttorven sin. Der kjem dyrlækjaren framom.

– Nei du Vikjing, du ferù no adlestane, sa han og hermde etter bygdemålet.

Han Viking var tunghøyrd og heldt handi attom øyra:

– Ha, ka sa du?

Dyrlækjaren tok spursmålet opptatt.

– È du votten maolmann?» sa han Viking.
– Målmann, tror du jeg er blitt målmann? sa dyrlækjaren.
– Dai fara no mè da, atti’ du e bjyntù te syngja Blixsalma, sa han Viking, men då fekk dyrlækjaren det travelt.

På Dyrvedalen budde ein kjempekar som dei kalla «Kreksen». Han var ei slåstkjempe av dei sjeldne. Dei fortalde at mange av beina i kroppen hans var brotne, men ein svær arbeidskar var han. Ein gong skulle han leggja heller på taket på Fleischers hotell. Han fekk eit langt reip og knytte om livet. På den andre sida stod «Hattemakar-Johan» og heldt i reipet. Men no ville ulukka at hotellverten kom ut og spurde om han Johan hadde hug på eit glas vin? Hattemakar-Johan var ikkje tråbeden når han fekk slikt tilbod, han sleppte like godt reipet, og «Kreksen» som sat på den hi sida av taket ramla utover. Han fekk stogga litt på farten i eit ope glas, men i bakken fòr han. Det rauk to bein på han den gongen. Men det fyrste han sa etter lufteturen var, at hadde han nått i han «Hattemakar-Johan» då, so skulle han slege han spent i hel.

På sine gamle dagar rudde «Kreksen» ein liten plass. Då var han so beinbroten at han laut gå på knea. Steinen leste han på ei trog med eit reip i. Han beit i reipet og drog lasset med tennene. Det var ein hardnakka kar.

Illustrert av: OLAF HUSTVEDT

Ein annan kjempekar var Gullbråen. Namnet hans var Hadle. Han var visemakar og brennevinsgauk. Når han skifte eit anker brennevin og gjestene skulle smaka på sorten, slo han det i skåler, og so gjekk skåla frå mann til mann. Dei hadde ikkje slike ting som drammeglas den tid. Hadle Gullbrå dikta ei vise på 100 vers. Ho lydde soleis:

Hadle heisan og Hadle husan,
Hadle raffaren og Hadle gaffaren.

Han song dette verset 100 gonger. Då var talet fullt.

Illustrert av: OLAF HUSTVEDT

I 1899 kom kronprins Gustav, seinare kong Gustav, til Voss. Han kom ridande med stort fylgje frå Evanger. Nedanfor Fleischers hotell var det reist ein æresport for han. Og eit kompani frå Tvildemoen under kaptein Ingvoldstads kommando stod oppstilt som æresvakt på båe sider av vegen. Det var mykje folk frammøtt, for alle ville sjå den nærpå 2 meter lange kronprinsen. Det var òg avtala på førehand at prinsen skulle få eit kraftig leve med det same han reid gjennom æresporten. Svein i Bokkù var føraren for heiaflokken, og med same kronprinsen reid gjennom porten ropte han:

«Lat kula gå.»

Kronprins Gustav var ikkje berre lang og tunn, men han gjekk attpåtil i ei trong bukse som sat stramt rundt beina på han. Då han gjekk framom æreskompaniet, var det ein mann frå garden Bystøl i Myrkdalen, som sa høgt:

– Detta è jamen dan største vaogahalsn’ èg ha sett so gaor pao so granne bain.

Han Ivar Dolve tykte og at prinsen var skranglen å sjå til — Han ser ut so han skjé ha butt to turke¬sumra pao Vassenda. Det var ein gjetordsleg skin-næm gard.

Kong Gustav

Svein I Bokkù var ogso ei kjend slåstkjempe. Når to mann slåst, la han seg jamt imellom. Og det enda som oftaste med at dei som slåst, gjekk laus på han Svein, og so vart det han som fekk juling. Mange snei-ord måtte han Svein tola å høyra, soleis var det ein som ropte dette etter han:

«Svein svitt knøsebakkjen
snau krune med skurv i nakkjen.»

Slike hermer høyrer ein ikkje no lenger, men før i tida var det gjerne so dei kappast både med munn og hand. Dei hadde ikkje anna moro og tidtrøyte enn den dei gjorde seg sjølve, og sjølvgjort var velgjort då som no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *