Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Ormekula


Vestringsbygd-sameigun, ovan garden Lie, er det eit vatn dei kallar Ormekula. I dette vatnet er det vassorm.

Ein gong tente det på Sørei (i Aurdal) ei gjente, som ormen i Ormekula tok. Um sumaren var ho på stølen til Sørei. Fet-seter heiter denne stølen. Ein kveld hadde gjenta teke ein båt og vilde ro over Ormekula. Ho skulde sjå etter nokre krøter, som var burte. Best det var, der hadde det gjeve ein svær blask under båten, so han valt. Gjenta datt i vatnet og bleiv.

Det var nok vassormen som var ute. Han vilde vel ha seg litt mat.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *