Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å les om Knut Hermundstad

Ormen har løyndomsfulle krefter

(«Skogin» fortel)

Umlag ein kilometer sør for Leira i Nord-Aurdal ligg den gamle kapteinsgarden Skavelden. Her er det gamal sogegrunn. Nede ved kongsvegen stod Systertelladn. Det var tre furor som — etter segni — skal vera planta av heilag Olav då han for gjenom Valdres på kristningsferd. Berre den eine står no att med nokre sprikjande, halvturre greiner.

I nyare tid — i all fall frå 1814-1878 — var Skaveldadn kapteinsgard. Og rett ein storgard var det. Den tid høyrde ei 10-12 husmannsplassar til garden. Ein av desse heitte Skogen, og her vart «Skogin» fødd 27. juni 1847.

Etter å ha besøkt han og snakka med han om «gamletidi», sette eg meg trast te skrive upp det meste av sogone. Her er ei av dei:

Ormen er eit stussleg dyr. Han hemnar seg, skal du vita. Når ein vil drepa ein orm, må ein difor gjera det vel.

Ein gong eg slo uppi bakkane ova Skogen, fekk eg sjå noko meir enn merkeleg. Best som eg slamsa og slo, vart eg stird på ein frosk som dreiv og hoppa; men stødt seig han tebake. Eg vart so undren på dette at eg gav meg te sjå vel på det. Då vart eg var ein orm som låg eit par alner frå frosken. Det var greitt ormen låg og saug på frosken, so han vart hoppande i same feto!

Ormen er og leid te vera etter feige folk. Og so kann ormen kaste svevn på folk. Du skal berre høyre:

Eg og han far dreiv og våronna. Han far hadde teke korn i ein mæle og sått ein firild (Firild (ein) er den rad ein har handslått. ”Gå ”firild” er å gå upp denne radi like før den som sår.  og var komen midt burt på næste. Dermed sette han ned mælen og sa: «Å ta mælin o så fram, e bli so trøytt!» Ja, slik sa’n. Eg tok mælen og hekta på meg reimi og te å så, og han far la seg ende ned og sov med det same. Best det var, kom det ein uforskammeleg stor onn beint mot han. Eg sette i og skreik alt eg var god te:

«Far!» Men han låg raut. Då sette eg mælen åt ormen so kornspruten stod og sprang etter ein staur. Då eg kom att, var ormen komen halvveges fram te far. No drap eg ,ormen. Men då stod han far uppatt trast. Ja, dette er sanning som er sterk, det!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *