Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Ormen paa Hardingstad

Det var paa Hardingstad (i Aakra sokn), at ein mann stod og slo ein gong i gamle dagar. Best som det daa var, so saag han ein orm og ei padda som heldt paa aa slaast. Det var eit fælt slagsmaal, og korleis det no gjekk, so vart mannen arg paa padda; han tok ljaaen og drap henne, og dermed berga han ormen.

Lenger utpaa sumaren kom den same mannen til aa trø eit bein inn i den eine foten. Det tok til aa svella og vart til ein svull so fæl at dei trudde mest han ikkje stod det.

So var det ein sundag, det sat mange folk inne og venta paa at mannen skulde slokna. Det var varmt i vêret, og alle dører stod uppe. Best som det daa var, kom det ein orm rennande inn-yver golvet. Han rann burt-aat sengi og gav seg til aa sleikja den vonde foten, han hekk utfyre sengjarstokken. Daa det var gjort, rann ormen ut att, og straks etterpaa tok foten til aa besna. Det var ikkje lengje fyrr mannen var reint god.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *