Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Forteljingar om Oskoreidi

 

Oskoreidi ferdast helst kring jolebil. Med i feri var sovorne menneskje, som etter døden ikkje kunde koma i himmelen; men heller ikkje hadde gjort so mykje vondt i verdi at dei kom til helheim; ellest var der fyllehundar med, og rivubikkjur, og svikarar. Dei reid paa store svarte hestar gjenom lufti; i brodden saag du Guro Rysserova med den lange rova si. Møtte ein dei, so maatte ein kaste seg ned, og daa sputta alle i ferdi paa ein; men det gjorde ikkje noko, naar ein berre sjav sputta att, etter alle hadde fari.

Oskoreia

«Aasgaardreien» mala av Peter Nicolai Arbo.

 

Oskoreidi sila av paa take…

Paa Aasland, utpaa Selgjordsheid, sila oskoreidi av paa take. Nokre dagar etter brann stogo upp. Det var i 1814, og mannen laag ute i krig.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.