Internt referansenummer: B-28.03.2012
Kilde
TUSSAR OG TROLLDOM
Av: Kjetil A. Flatin (Klikk her for å lese om Kjetil A. Flatin)
Ved Tov Flatin (Klikk her for å lese om Tov Flatin)
Norsk Folkeminnela nr. 21

Kristiania
1930
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Forteljingar om Oskoreidi

 

Oskoreidi ferdast helst kring jolebil. Med i feri var sovorne menneskje, som etter døden ikkje kunde koma i himmelen; men heller ikkje hadde gjort so mykje vondt i verdi at dei kom til helheim; ellest var der fyllehundar med, og rivubikkjur, og svikarar. Dei reid paa store svarte hestar gjenom lufti; i brodden saag du Guro Rysserova med den lange rova si. Møtte ein dei, so maatte ein kaste seg ned, og daa sputta alle i ferdi paa ein; men det gjorde ikkje noko, naar ein berre sjav sputta att, etter alle hadde fari.

Oskoreia

«Aasgaardreien» mala av Peter Nicolai Arbo.

 

Oskoreidi varsla ulukke

Der Oskoreidi sila av og kasta ned skrammele sitt, kom der stødt til aa hende ei ulukke.

Paa Rolvshus i Selgjord høyrde gamle Ingebjørg, at dei sila av uti tune ein kveld, og straks etter kom det ein gut og hengde seg paa laaven.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *