Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

OSS KUNSTNARAR IMELLOM

Magnus Dagestad var meir enn ein mangelungen kunstnar. Han var
bygdeoriginalen framom mange andre på våre breiddegrader. Ein
bygdeoriginal i den sanne og gode meining av ordet. Han var ingen
«einfeld» original. Til det var Dagestad altfor djup, endå om
skjemtegauken Dagestad aldri var langt borte.

I 1944 søkte Dagestad forsyningsnemnda om korn til å bryggja av. Han
hadde vore hjå lækjar og fått papir på at det noko i vegen med magen,
noko som eit lett øl kunne bota på.

Dagestad fekk tilvising på korn. Fyrr ølet retteleg var kome i «form»,
bad han til seg den trufaste venen sin, Lars Osa. Han skulle smaka på
ølet.

Då Osa seinare på kvelden var på heimveg, møtte han ein kar på Vossabrua som spurde om han Magnus hadde hatt «noko».

– Jau, sa Osa, da hadde han, men jau ska da go magje te å tåla datta ølet te han Magnus!

Soga var sann. Men det har ikkje falle nokon inn å klandra korkje
lækjaren, forsyningsnemnda eller skjemtegauken sjølv. Ikkje når det var
han Magnus.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *