Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Otto Blikfeldt

Otto Blikfeldt var son til presten Blikfeldt i Volda. Otto hadde i sine unge dagar gått noko på skule og var tenkt seg den akademiske vegen. Men han rakk ikkje fram.

So gjekk han i snikkarlære. Seinare lærde han óg kunsten å farge. Han flytte til Ulsteinvik kring 1830. Der vart han gift med Anne-Rose, dotter til handelsmannen og proprietæren Nils Schelderup, som den tida åtte heile Ulsteinvik. Garden er no delt i 9 vanlege gardsbruk.

Blikfeldt fekk eit «mellag» av Ulsteinvik og bygde seg eit lite to-høgders hus på Blikfeldthaugen som no det heiter. — Folk tykte det var so grumt dette huset. Dei kalla det Låna. — Her dreiv då Blikfeldt si forretning i mange år som spikkar og fargar, og litt gardsbruk.

Men det der i folkeminnet gjeng seg-ner um er kor dugande Blikfeldt var som bygdedokter eller påtrekall både for folk og fe. — Han kunde stemme blod. Han kunde årelate og «koppe». — Han kunde «vise igjen» ag syne tjuven fram. Han var spesialist i å kurere «gust» og ryggverk. — Og so kunde han vende gand. Det siste tykte folk var det gjævaste av alt. Elles var han aldri rådlans;

«Otto veit råd for alt, so nær som for dauden,» sa folk.

Mange trudde han hadde arva «Svarteboka» etter far sin, presten.

*     *     *

Far min, Martinus Kolbeinson Bjørndal frå Vartdal fortalde at då han gjekk til konfirmasjon 1858 vart bestefar, Kolbein Hansson Bjørndal, so illherveleg låk i ryggen. — Far måtte då straks fare til Ulstein til Otto Blikfeldt og hente «ryggmedisin». — Han hadde med ein diger røykjelaks og ei ort i pengar som betaling. — Ja, han fekk ei flaske med noko brun veske på som bestefar skulde smyrje på ryggen og so ta inn eit skeiblad tre gonger um, dagen. —

«Men,» sa Blikfeldt, «du må ikke lade vandet før din fader har annammet flasken.»

No var det umlag to mil heim, so dette var drygt for guten. Han grunda lenge, og so fann han ei råd. Han sette beinast flaska frå seg og sprang so langt at han ikkje såg den.

Bestefar fekk medisinen, fylgde det fyreskrivne og vart snart god att. Han tykte røykjelaksen fór vel.

*     *     *

Pernille Ivarsdotter Spjutøy, gift med Jakob Ivarson. Barstad på Vartdal, vart sjuk. Dei henta Blikfeldt frå Utstein. — Etter å ha granska tilfellet seier han:

«Du har fået gand i venstre bagdel; men fåer jeg lov til at skjære den ud, skal du blive frisk.»

Men korkje kona eller mannen vilde gje løyve til det.

Kona døydde. — Men folk sa at kven veit um ikkje Blikfeldt hadde berga henne um han
hadde fått lov.

*     *     *

Ola Kyrkjebø, Sula, Hareid, rodde fiske i Godøy. Då dei ved marimess slutta fisket og skulde byte fangsten, vart Ola og mannen han låg til fiskjes med, fælt usams um lutane. Godøymannen var so storsint at han hivde gand etter Ola då han la frå land og skulde sigle heim til Sula. Ola vart redd at dette skulde bere gale iveg. Han siglde difor beinast over Breisundet til Ulstein og henta Otto Blikfeldt so han kunde vende ganden.

Blikfeldt fylgde med, og var so heldig at han såg då ganden kom farande mot båtstøa til Ola Kyrkjebø. Blikfeldt vart i ei ekse. Han reiste seg, knytte neven og ropte:

«Nu ser jeg den fordømte gand fare som en ildkule sør over Storfjorden!»

Han fór ikkje tomhendt heimatt Blikfeldten den gongen.

Kring 1860 flytte Blikfeldt til Bergen til ein son som budde der. Ein annan son, Nikolai, var umgangsskuleherar på Flø i Ulstein nokre år. Sidan flytte han, óg til Bergen.

M. B. Ulstein 1938.

 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *