Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Overnaturlege makter

Boro'-tomten.


Det var ved julleite året 1845. På Boro' i Vingrom var det stort stell med slakting og bryggjing og stell på alle måtar. Men så kom det ei linnvers-kule, og det vart berre hålka og blanke isen på garda, så folk var reint omkomne for å gå husom imillom.

Ein kveld skulde kjeringa på garda stille seg over tunet frå eldhuset med noko i hendom, og ho laut sjå seg så vel for og stega så varleg, skulde ho ikkje gå overende. Da fekk ho sjå ein liten gråkladd kall gå over garden, og han gjekk så lett og trygt på isa, som det skulde vera på turre sommaren. Og det rare var at ho sjøl au gjekk like trygt da ho såg kallen gå slik.

Da ho kom inn, fortalde ho detta til mannen. Han vilde nå veta kva det var for kar som for der på garda så seint, og han drog ut med ein gong, men da var det ingen å sjå. Da log mannen for seg sjøl og gjekk inn att. Nå visste han kem det var. Det var nok tomten på garda som var ute og hadde tilsyn med stellet. Og det var ikkje berre den gongen tomten synfe seg der.

Det var ein svart hest der på Boro' som heldt seg feitare og blankare enn dei andre. Det var ikkje det at han fekk be're stell enn dei andre hestan, så det var greitt at tomten stelte serskilt med han. Det var ein gong stallkaren var i stalla og gav havre at han tykte denna svarthesten var så feit og blank lell at han trengde ikkje få havre. Men det var nok ikkje tomten med på. Da stallkaren skulde gå ut att og lata att døra etter seg, kom hav'rkoppen sendande etter 'om, og da vart det ikkje anna rå' enn at han laut gå sta' og finne havre åt svarthesta og.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *