Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Overnaturlege makter


Jutul Holberget


I Svatsum er det ein gard som heiter Hole. Ein gong langt attende i tia budde det ein mann på Hole som heitte Jeans. Det var ein go'lynt, ærleg kar som ikkje gjekk nokon forner. I ne're enden av jordet hans steig det opp eit berg som ennå heiter Holberget. Inni det berget budde det ein jutul. Det var vel knapt om det var andre enn han Jeans som visste tå jutula, men dei to var gode kjenningar og grannar. Når sola om kveldan seig bakom åsen, og bygdalarmen stilna, kunde stundom ein gråklædd gubbe koma gåande oppover mot Hole. Det var Jutul Holberget. Da vilde han gå og få ein prat med 'om Jeans. Andre enn han synte ikkje jutulen seg for.

Jutul'n skulde vera gift, og kjeringa hans var kome frå Hole. Ein dag Holekjeringa, ho Barbro, kom ut i sval¬gangen, fekk ho sjå ei mus på dørhella. Denna musa såg noko drug ut, der ho sat med framføtom lyfte opp for seg, mest som ho ba' om noko. Barbro tykte synd i ho og sa:

– Stakkar, du. Berre eg kunde, skulde eg hjelpe deg med ungom dine.

Tia gjekk. Så ein dag kom Jutul inn på Hole og sa:

– Du har lova å vera nerkono åt kona mi, og nå kjem eg for å hente deg.

Barbro laut fylgje. Komne ne' til berget, seig bergveggen burt, og dei sto i ei fatig stugu. Burte i senga låg kona bleik og mager, og matsmolo fanst ikkje i huset. Da sa ho Barbro:

– Du Jutul skal gå opp på Holestaburet og hente ne' noko mjøl, så eg kan få kokt noko mat til bar'- sengkjeringa, og kom att så fort du kan.

Jutul la i veg. Komen opp på staburet vart han ståande ved mjølkjæret uta å kunne ta noko, for det var krossa over mjølet, og da var det stengt for han. Men mjøl måtte han ha med seg, og så tok han likeså godt heile mjølkjæret i fanget og bar med seg. Men da han skulde inn i berget, var døra for trong for mjølkjæret, så han sleit av eine gjorda på det for han fekk det inn.

Siste gongen han Jutul viste seg der, var da kjørkje¬klukken for fyrste gong ljoma gjennom Svatsumbygda. Han Jeans sto og hogg ve' ein kveld. Da kom Jutul gåande oppover. Jeans visste kor hardhendt han var når han helste, og han skunda seg og tok ein hestsko og hadde inni votten sin. Jutul kom som vanleg og helsa Jeans opp i handa, og da sa han:

– Du er hard i nevan som du plar, du Jeans.
– Ja, nevan blir nok ikkje mjukare den, sa Jeans.

Da klemde Jutul til så hestskoen bogna som lær inni votta. Jutul takka nå for godt grannskap og venskap, og sa han laut fløtja til eit rolegar stelle. Det var kjørkjeklukken som song han ut frå den gamle heimen.

Seinare fekk Jeans høyre at han hadde fløtt utover til Skreibergom. Det skulde vera ein svatsing som hadde treft han der. Men han treivst ikkje der heller. Denna bekken utafor der var så brysam. Han kom til å væte seg på hæl eller tå når han skulde over.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *