Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Overnaturlege makter

Mordarøks


På øvre Korsvoll var det ei øks som det hadde vore drepe folk med. Denne økse var stødt så uroleg, same kvar dei la ho. Dei prøvde å leggje ho i eit skåp, under ei seng eller på ei hylle, men likeeins var det, økse kunde ikkje halde seg i ro. Ho var ikkje til å vera i hus med. Til slutt vart mannen der så lei av øksen at han tok ho med seg og grov ho ned i Storrøys'n, og der ligg ho nok ennå, dersom ho ikkje vart funnen da jønnbana vart bygd.

Det var uroleg elles òg på Korsvoll. Ein skomakor som låg på ei høgstugu der ein gong, var ute for noko um natte som var slik at han vilde ikkje liggje der meir, enda skomakeren var ein kar som ikkje bruka å vera redd, same kva det var.

Like ved Korsvoll er det eit stelle som heiter Håhaugen. Der har det alltid vore mykje skrymt, så folk har kvitt seg for å gå der, serleg etter det var myrkt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *