Internt referansenummer:B-000015
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen IV
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 83
OSLO 1959
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese ”Etterskrift”

Overnaturlege makter


Ovre-tomten og Røyne-tomten


Gardan Ovre og Fløyne i Vingrom hadde kvar sin tomte. Dei vart kalla Ovre-tomten og Røyne-tomten. Desse tu gjekk jamt og passa på einan', for dei låg etter å dra kvar åt seg, Ovre-tomten frå Røyne og Røyne-tomten frå Ovre. Det var serleg lo og fór dei snikte etter å få lure åt seg.

Ei mån-ljos natt møttest dei på Gillbergshauga med kvar si høybør. Og da bar det ihop med kallom. Det var ein som kom til å sjå detta. Tomtan såg han ikkje, dei heldt seg usynlege som vanleg, men han høyrde kor eitrande sinte dei var, og såg korleis børan vart hufsa berre så høyet gauv.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *