Internt referansenummer: 24.06.09 – A
Kilde:
HALLINGDAL OG HALLINGEN
Av:Anders Mehlum
Utgjeve av Mehlums vener
VILLVOLL SKRIVESTUGGU, RØYSE, RINGERIKE 1943
Webergs Boktrykkeri A.s, Oslo
(Klikk her for å lese Forordet, som omhandler Anders Mehlum (med bilder))

Øvrejordfolki og svensken

Under ufreden millom Noreg og Sverike hende det, når svensken hadde overtaket at dei
svenske soldatane vart sende rundt på gardane. Soleis skulde ein gong ein svensk soldat ha hus og upphald på Øvrejorde i Høve. Ein dag hadde kona på garden sett grautefatet på bordet og sa til svensken:

«Gå no burt og et grauten din, so har du ikkje det å segja, at du ikkje får mat».
«Dette skal jag hemna på mannen din», sa svensken då han åt grauten.

Og då mannen eit bel seinare kom heim med eit fórlass, han hadde vore til fjells etter, gjekk svensken ut og drap mannen med kården sin og tok so til beins.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *