Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Else Lunde frå Nedre Dalen

Ovtru i krøterstellet

Elsa Lunde, og det ho fortalde


Med krøterstellet fylgde det òg mykje underleg.

Når dei gav krøteri drikke, skulde dei alltid krosse over drykken.

Trast ei kyr hadde bore, fekk ho ein blaut fordott. Den fyrste kyri som skulde bera etter henne, fekk ogso ein bite av denne dotten, og so sa dei te henne:

«E rette de staven ate du ska bera me dagen!»

So tok dei ein god forbite av same dotten og gav den kyri som stod nærast den som hadde bore. Det kalla dei å gje henne nerkønebetin.

So gav dei nokre kyr ein bite for forstyng’n og vassmakk'n.

Når ei kvige hadde fått fyrste kalven, skulde dei knyte på hovudet hennar eit plagg. Ho skulde no vera «kjerring» og ikkje kvige lenger. So laut dei endeleg hugse på å kaste eine bakfoten av kvigekalven som dei slakta. Kvifor dei so skulde gjera, veit eg ikkje.

Vart kalvane klene, brende dei kru(t) på ryggen deira.

Det var ikkje rett å gje kalvane blodblanda mjølk. Her på Lunde hadde dei ei kyr som mjølka ureint. Denne mjølki var dei ville nok te gje ein kyrkalv. Men då han vart vaksi kyr, datt ho ut over Mjøleberge og slo seg i hel.

Når ein vilde få krøter ein hadde kjøpt, te å trivast på den nye staden, skulde ein syne dei varme, meinte dei gamle.

Ei god råd hadde dei ogso te å få kyrne te fylgje betre bjøllekyri og bli ville etter hin buskapen: Ein skulde ha litt salt i kyrbjølla, og so skulde ein skrapa eir or bjølla og blande det i saltet. Dette skulde ein so gje kyrne.

Når dei gamle hadde mjølka ei kyr, krossa dei over juret før dei reiste seg upp frå kyri.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *