Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Ovtru millom fiskarane

Det rådde mykje ovtru millom folk på Møre i «gamletida», ikkje minst millom fiskarar og sjøfolk, og det heng smått atti endå.

Draugen var helst den karen som mest sette støkk i fiskaren ute ved havet. Han kunde te seg i mange slags skapnader, men mest kjend er han som daudingen som sigler den halve båten. Kom han slik farande upp på sida av fiskebåten, med morelden lysande som ei eldmyrje i kjølvatnet, då spådde det storm og uver, og då kravde havet liv.

Ein måtte aldri bu seg på storfengd når ein rodde ut. Den som var smålåten og ikkje rekna med å få noko sers, skulde ha beste fiskelukka, trudde dei. Ein måtte difor ta med seg berre småkjørel å ha fisken i. Og når ein kom heimatt, so måtte ein korkje klage eller kyte av fengda. Båe ting var like gale. Og ein måtte vare seg vel for å telje fisken før ein slutta fisket og var på heimveg.

Sume fiskarar pla gje ein god lovnad før dei drog på havet. Dei lova å gje fisk til presten eller fatigfolk dersom dei fekk mykje. Og då skulde dei som oftast verte signa med rik fengd. Og ein slik lovnad vart alltid halden.

Kobben var eit dyr som hadde stor makt. Det spådde ulukke dersom han dukka upp og låg mot baugen. Då kunde fiskaren likso godt snu heimatt med same, for han kom ikkje til å få so godt som eit napp.

Men synte kobben det runde hundehovudet sitt på sida eller bak båten, då tydde det god fiskelukke og elles heppe på sjøen.

Kråka var eit illherveleg oting som hadde lett for å spå vondt. Sette ho i sine stygge «kra-kra» når dei skulde på utror, var det lita von um noko fiske.

(Dette um kobben og kråka er her endå mange fiskarar som trur på.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *