Kilde
Farne tider (Utgitt første gang i 1923)
Av Magnus Breilid
Mandal 1971
Frithjof Salvesens Trykkeri

ØYGARDSKJEMPA

Ola Eivindson frå Øygarden i Bjelland var frikar for bygda, og på moen var han basen for fjorten hundre mann.

Medan Ola var i beste brasen, reiste folk frå austbygda til Vats
tingstad, og der var det då både heimebryggja øl og brennevin å få
kjøpt. Og som ventande kunne vera, blei det mykje drikking og balering.
Som tiast rauk vestfolket (lyngdølene)
uklar med austfolket, og då var sigeren viss for dei som hadde beste
kjempa. Ola Eivindson var føraren for austfolket, og når han slo i
bordet og heldt styr på lyngdølene, så murra dei ikkje meir.

*     *     *

På tinget skulle ikkje berre sakene — trettene — avgjerast mann og mann
imellom. Ættene og bygdene hadde og oppgjerd. Og då var det ikkje
retten, men styrken som var det avgjerande. Det galdt for dei stridande
å ha sterke karar. Den sterkaste i flokken fekk narnnet «tingbasen».

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *