Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

P. Waage Eriksen

Av Ludv. Jerdal

 

Sokneprest Peter Waage Eriksen var prest i Kvinesdal og Feda 1908 — 1920. Han vart noko av ein segnprest, ja, han er deri av Kvinesdalprestane som det lever både visdomsord og sogor etter den dag i dag. Han var fødd i Bergen, og han heldt på den bergenske taletonen. Dertil åtte han mykje av den humoren som sermerkjer bergensarane. Men han hadde ætterøter frå Vest-Agder og. Mor hans heitte Elisabeth Marie Waage og var frå Hidra, ho var i nær slekt med den kjende professoren Peter Waage som hev fenge sin minnestein reist attmed Hidra kyrkja. Namnet Peter tyder på at presten kunde vera uppkalla etter professoren.

Peter Waage Eriksen skreiv seg P. Waage Erichsen ei tid i yngre år, han brigda det til Eriksen seinare, og til konfirmantane i Kvinesdal kunde han tala um namn og namneskikkar. Eg burde i grunnen ha heitt Vaage (med enkel-v), sa han ein gong. Men so hev me fenge bokstavar inngravne på sylvsaker, so det er ikkje so greidt å brigda på det no. Dette som han sa um namnebruk hadde nok samanheng med synet hans på målet. I praksis bruka han bokmålet med bergensk tone. Det var han upplærd i. Men i teorien var han heilhuga målmann. Ein gong det var røysting um skulemålet i hovudkrinsen Liknes tala han og røysta for at skulen skulde gå yver til nynorsk. Han såg nok at den skriftformi låg nær bygdemålet i Kvinesdal.

Mange av konfirmantane hans hev fortalt meg um undervisningi i fyrebuingstimane til konfirmasjonen. Millom dei er Ånen Årli, Georg Moi, Jakob Gjemlestad og Tønnes Oksefjell. Det var ei lina i det som Waage Eriksen heldt fram i timane med konfirmantane. Han var sterkt inne på at dei måtte taka vare på samvitet sitt, og fylgja det. Og så måtte dei halde kviledagen heilag. Tak vare på samvitet ditt, og tak vare på kviledagen, kunde han segja. Og so krydra han undervisningi med døme fra kvardagslivet. Um ekteskapet sa han at dette er ikkje noko vanleg «skap». Eit skap kan opnast og latast att. Soleis er det ikkje med ekteskapet. Er ein fyrst komen inn i det «skapet», so er ein innestengd for levetidi. Det finst folk som kjem seg ut; men dei fær mein for livet. —Um å preika sa han ein gong at det finst dei som segjer at ein kan preika um alt. Men det er ting som ein ikkje kan preika um: «Det må bare gjøres. Det vil dere forstå når dere blir voksne.»

Han må ha vore mykje av ein pedagog. Det syner ikkje minst denne soga: Han fortalde at han hadde vore på «Fyllingen», det var den store vegfyllingi på gamlevegen yver Kvinesheii, ei fylling som låg like ovanfor der Utsikten Turisthotell no ligg. På denne vegfyllingi var det til tryggjing sett eit rekkverk av jarnstenger. Waage Eriksen innleida med desse ordi: «Her er spreke karer i Kvinesdal: De hadde bøyet alle jernstengene på Fyllingen utover. Men jeg var likeså sterk, jeg bøyet alle stengene tilbake igjen.» Det skulde vel mykje til at nokon i den konfirmantflokken etter sovoren tale gjekk ut og gjorde skadeverk eller herverk.

Ja, soleis var denne merkelege presten i konfirmantflokken. I kvardagslaget var han gladvær, og med kjappe bergenske replikkar. Fylkesskulestyrar Olav Høyland hev fortalt meg um korleis Waage Eriksen i ei bordseta eller andre mindre samvær kunde fortelja morosame ting, og læ hjarteleg av ei soga frå andre. Men so kunde han brått slå um og verta sers ålvorsam, og segja: «Å ja, Herre Gud, Herre Gud». Det var so ekte at det gav alle ei sterk kjensla av ein from og god mann som liksom tok seg sjølv i skule etter at han hadde vore morosam. Sonen Steinar var millom konfirmantane eit år. Då bad presten serskilt for sonen sin, at Gud måtte verja og varda honom og føra honom på dei rette vegane. Folk som var i kyrkja den konfirmasjonssundagen kom heim og fortalde um det mektige inntrykket det hadde gjort. Dei hadde upplevt ein from prest som tok bøni i bruk. Denne sonen kalla seg i vaksen alder Steinar Waage, han budde i Oslo og vart ein kjend liberal politikar. Han sat i Oslo bystyre, vald av Vinstre, og han var med på mange landsvinstremøte der han var ein fin talsmann for liberale idear og liberalt livssyn. Diverre døydde han i sin beste alder.

Men attende til humoristen Waage Eriksen. Dei fortalde um ein gong diktaren Hans Seland var i Kvinesdal og fortalde sine meisterlege skjemtesogor. Waage Eriksen var der, og hyggja seg framifrå. Ein av dei strenge i Kvinesdal hadde fretta dette, og sette eit stort spursmålsteikn ved ein prest som kunde læ av «verdslege» sogor som dei Hans Seland fortalde.

Korleis var han på preikestolen? I smågutdagane mine høyrde eg han mange gonger i Kvinesdal kyrkja. Han heldt praktiske preikor, og han var biletrik, kunde illustrera med hendingar frå det daglege livet. Råkande bilete frå kvardagslivet kunde han trylla fram. Då Trælandsfos Tresliperi på Træland var i utbyggjing, tala han ofte um den framgangen som Kvinesdal kom til å få med denne fabrikken. Det var sume som mislika desse innslagi um den nye fabrikken, og einskilde gjekk til presten og sa at han måtte slutta med å tala um Trælandsfos, det var Gudsord dei vilde høyra i kyrkja. Då Kvina ungdomslag var skipa i 1914, fekk skiparen og formannen, lærer Anders Moi, presten til å taka med i kunngjeringane frå preikestolen kva tid laget skulde ha møte. Møti var i Voran skulehus der Anders Moi var lærar. Men etter ei tid måtte Waage Eriksen segja ifrå til Anders Moi at han fekk nok slutta med å lesa desse møtemel¬dingane fra preikestolen. Dei var um eit frilyndt ungdomslag, og sume hadde klaga på dei.

Eg minnest godt ei preika han heldt på ein høgtidsdag. Då kom han inn på aukande kravsmentalitet frå bom og ungdom. Dei unge krev so mykje i dag. Dei skal ha nye klær, nye skor. Og så skal dei ha sykkel, sa han. Det nyttar ikkje kvar mor og far skal take pengane ifrå, la han til.

Waage Eriksen upplevde ikkje bilalderen fyrr i sine eldre år. I prestetidi si i Kvinesdal nytta han hest og karjol. Og han var serskilt glad i hestar. I uppvekståri i Bergen hadde det vore hans største hugnad å få sitja på med folk som køyrde med hest. Ein gong hadde han vore uheppen og fenge foten inn i eit kjerrehjul.

Han bar merke av den hendingi heile livet, han halta so mykje at ein merka det. Men bom som vilde sitja på med han fekk alltid lov. Han vilde gleda deim, som hestekarane heime i Bergen hadde gledd honom.

Etter Kvinesdaltidi vart han sokneprest i Øyestad i Aust-Agder. Han vitja kyrkjelyden i Kvinesdal ein einaste gong etter det. Eg minnest ikkje kva år det var; men eg minnest den preiki han heldt. Det var ein kveld i Kvinesdal kyrkja. Han kom upp på preikestolen, den staslege, vakre og høgreiste mannen med ein sylvgrå hårmanke. Og han stod ei stund og såg utyver i den fullsette kyrkja, nikka ned i kyrkjeskipet og helsa på den måten på folk som han kjende att. So til nedste galleriet, og til øvste galleri. Og i preiki fortalde han um eit prestemøte han hadde vore med på i Kristiansand i unge år. Agderbispen den gongen var den mektige biskop Heuch. Biskopen hadde sagt til Waage Eriksen at dei tvo laut ha same soverom. Det var sanneleg ikkje greidt for meg, eit ungt menneske, so eg sa til Heuch: «Men biskop, dette kan då ikkje gå an». — «Kan det gå an for meg, so kan det gå an for deg og,» svara den mektige biskopen. Og soleis er det med oss og Gud og, la Waage Eriksen til i preiki. Tykkjer me at me er uverdige, so svarar Gud oss: «Kan det gå an for meg, so kan det gå an for deg».

No var det velkjent i Kvinesdal at ingen kunde køyra med slik fart ned dei gamle og smale og svingute Øyekleivane som Waage Eriksen når han var på heimveg frå ei messa på Feda. Då gjekk det stundom på eitt hjul i svingane. Og i preiki denne kvelden sa han at det kanhenda var sume som hugsa ein av hestane hans. Det var ei «sort hoppe», og ho var sers vill. Den hoppa lærde meg mykje; sa Waage Eriksen.

Når eg køyrde frå prestegarden, visste eg aldri um eg kom levande heim att. Eg måtte innretta meg som um kvar dag kunde verta min siste.

Han var kjend som ein sers høvisk mann. Han helsa på alle han møtte. Og det var ikkje berre eit nikk, nei, han lyfta på hatten og. Når han køyrde gjenom dalen, lyfta han på hatten til folk som han såg langt burte frå vegen 6g. På Omland såg han noko myrkt som rørde seg langt uppe i bakken, og sjølvsagt lyfta den høviske presten på hatten. Men det var nok ein svart sau han hadde helsa på, den gongen!

Det var meir eit tilfelle at han valde teologien. Han hadde stroke til artium, og han drog til utlandet, m.a. til Østerrike og Ungarn der han studerte farging. Men han kom heim att, gjorde seg ferdig med artium og gjekk i gang med det teologiske studiet.

Han vart prest i Bakke og Gyland. Og derifrå kom han til Kvinesdal og Feda. Og til slutt til Øyestad.

Ingen hev skildra denne merkelege segnpresten betre og sannare enn redaktør Ingvald Seland som i minneordi sine i «Agder» skreiv m.a. (eg gjev det att etter minnet):

«I sin lengste prestetid har han virket i «våre» bygder (Bakke og Kvinesdal), denne merkelige mannen som var så velsigna lite prest og så velsigna meget av et eiegodt kristenmenneske. — Ja, for preke kunne han jo ikke. Han sto på prekestolen og snakket med folk. Men før du visste av det, hadde han ført deg inn i helligdommen hvor du måtte ta dine sko av!

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *