Internt referansenummer: 21.06.09 – A
Kilde:
HULDER OG TROLLSKAP
FOLKEMINNE FRAA ØSTERDALEN IV
NORSK FOLKEMINNELAG XI
Av:
SIGURD NERGAARD
(Klikk her for å lese om Sigurd Nergaard)
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG 1925)
Prenta hjaa Johansen & Nielsen, Oslo

På Almus-sætra

(Ei huldersegn)

På Almus-sætra var det so mykje hulder ei tid. Han Gammel-Ola Almus, bestefar aat den siste Ola’n, laag att der aaleine ein haust etter buskapen var ned att teken. Han for der og skulde stella med skigarden. Ein kveld dreiv han og pusla med gryta og skulde koka seg graut til kvelds, daa det kom eit vakkert kvinnfolk ina i bua aat ‘n og spurde um ho skulde faa liggja der um natta. Han kunde ikkje skyna kva dette var for eit kvinnfolk som kom der no. Ikkje var han glad i aa ha henne der um natta; men det var no stygt aa segja nei og. Ho skulde no vera so glad um no bere fekk liggja paa krakken att med muren.

«Ja, du lyt mest nøgje deg med det da, for je har itte mer enn den ene senga her, som du ser.»

Ho sette seg daa burt aat muren, og dei sat og talast ved ei stund, til ho kom til aa flytja paa eine foten litt. Daa fekk han sjaa kurompa. Men daa vart han sint. Han spratt upp og greip ei øks.

«Aa kjære Ola! Høgg meg itte! Høgg meg itte!» sa ho, og gjekk baklenges aat døra og varde for seg med hendene..
«Naa stryk du paa døra, romptrollet du er!» ropte han.
Og ho paa døra.

So var det ein kveld seinare han stod i hoseleisten og pusla med noko fyrr han skulde leggja seg. Daa kom det eit  kvinnfolk han tykte han skulde dra kjensel paa og. Det var endaa ei han hadde fridd aat med han var ung. Han hadde ikkje set henne paa lange tider ser du, og vart staaande der og stara. «Men i jøssenam er det du som kjem her naa da?» sa han. Daa snudde ho og drog utatt, og med det same fekk han sjaa ho drog rumpa etter seg, omatla. Men daa vart han leid alt saman, og drog i hoseleisten slik han var.

Ein dag skulde budeia, ho Anne, ned att ein tur, og gjætargjenta skulde vera att paa sætra. Krøtera kunde full gaa ugjætt ein dag. Men gjenta illtrivdest so aaleine, gjekk berre og stunde og saag nedover vollen heile dagen, um ikk je ho Anne snart skulde koma att. So endeleg fekk ho sjaa eit kvinnfolk nede ved løa, som stod nedst ved skigarden.  No kjem a, tenkte gjenta, og sette nedover og skulde møta henne. Men med det same ho kom henne til møtes, gjorde kvinnfolket ei braavending so jord og stein spruta, og vart til ei kvit katte som rende nedover og vart burte i ei steinrøys.

Ei som heitte Sille gjætte der ein sumar, og ein dag kvilde ho paa ein stanarstadhaug ved Dalsmyra, gjorde upp varme, og kyrne kvara seg ikring. Med ho sat og aat, kjende ho seg med ein gong so rar og trøytt, so ho vart mest fælen. Kom med ein gong til aa tenkja paa haugfolk, og las so Fadervaaret høgt. Daa letna det, tykte ho. Men so eit bil etter, daa ho skulde i vegen att, var det ei taa kyrne ,som stod still og ikkje vilde taa flekken. Ho Sille jaga paa med ein kvist, og drog henne i horna; men kua stod som fjetra. Daa kasta ho øksa si over henne. Kua spratt ende til vers og rende etter dei andre kyrne med ein gong.

Ja der hadde haugfolket vore ute.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *