Av fiskeriassistent Olav Jønnum
Hentet fra Årbok for 1970, 48.årgang
Nord-Trøndelag Historielag
Redaktør: Gudmund Leren
Steinkjer Trykkeri A.S 1971

På århaneleik


Det var i den tida spelljakt var tillatt. Eg skulle ut ein kveld og forsøkte meg på jaktens gleder. Eg drog til ei myr som eg visste orren brukte og spela på. Eg låg under ei gran ved myra og venta på orren skulle koma. Om litt høyrde eg kyrstinga og han kom nærare og nærare. Men brått flaug dei opp alle saman og reiste. Kva årsaka kunne vera undra eg meg på. Men så kom det ein hubro svevande, så skjøna eg at det var han som hadde skremt dei. Eg vart i litt dårleg humør etter dette, men så høyrde eg ein orre som tok til å spela på ei myr lenger oppe, eg lura meg dit og kom på fint hold bak ei flurgran, og skulle lura meg litt til sida for å skyta. Då slutta spelet og orren flaug. I det same kjem det ein rev om tella og hadde ner på rendt på meg. Eg vart så arg på reven at eg ner på hadde skote han. Men daå han bråsnudde rett framom meg, såg eg kor stygg ein pels han hadde. Det var berre så røythårtafset slong kring han. Difor skaut eg ikkje, eg tenkte eg fekk høve til å møta han på vinters tid med finare pels. For det var bra pris på reveskinn på den tida.

Ei tid etter dette fekk eg høyra ein orre som spela på ei myr lenger mot aust. Ja, eg la trøstig i veg, for eg tenkte at ein gong måtte det klaffe for meg og. Eg kom da så langt at eg såg orren som dreiv og spela i ein myrhals, men det var litt for drygt hold. Brått kom det ei orhøne or haugen på venstre sida. Ho var sikkert glad i å få ein kavaler. Ho kom bort til orhanen og narra han etter seg, dei rende da inn i haugen båe to, og borte var også denne orhanen. Si i buksebaken rusla eg på heimtur. Eg skyna då at ein kan møta harde konkurrentar også på spelljakt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *