Internt referansenummer: 11.03.2011 – BOK
Kilde:
BYGDI SLIK EG SÅG HO
Gunnar Sveinsson
Eget forlag
Seljord 1995
ISBN:82-992820-2-0
Klikk her for å lese forordet

 

På basar i Raude Kross i 1935

Raude Kross-basarane var ei høgtid, minst på høgde med joli. To dagar i november og april, var Granvin fyllt til trengsel av basarglade bygdefolk.

Me som hadde pubertetsåri nyss bak oss, var ute på spennande safari. Om kvelden den fyrste basardagen, hadde kameraten min og eg gått arm-iarm med kvar vår jente. Ikkje etter vegane. Nei, bevares, me kunne møte folk! Me gjekk på den klaka haustpløgsla til Jørund Strand på Mos-jordet nær Granvin.

Så hadde jenta eg spasera med der på pløgsla lova meg, at klokka 8.00 skulle me møtast bak den gamle utedoen den neste kveld, for å gå tur. Eg var på plass i god tid. Hausten var komen med barfrost og rim over alt. Lett overskya vær, men nær 10 kuldegrader. Konfirmasjons-dressen var blitt litt liten. Frakk hadde eg ikkje, det hadde heller ingen av mine kameratar i dei åri. Eg sto med blå uvledar og vermde hendene i bukselummene. Men kvar vart ho av? Klokke eigde eg ikkje, men hadde ei kjensle av at eg hadde venta i minst eit kvarter. Eg høyrde kor det summa av folk ute og inne ved Granvin. Det small frå luftgeværskytingi i 2. høgdi, der støe hender prøva blinken. Fine premiar lokka. Serien kosta 25 øre.

Karar med pengar på lomma og støe hender, skaut og skaut, medan ungane strekkte hals, var tilskoderar med jubel om det råka til å bli ein sentrumsblink. Utedoen bak meg vart flittigt besøkt i kolmørkret. Folk prøva å finne dass-holet, og det skulle vera to av dei. Nei, nå skyna eg lite. Ho kom nok ikkje såg det ut til. Tok til å synast synd på meg sjølv, korleis eg hadde kome ille ut.

Novemberkvelden med si klåre luft bar mange slags læte til meg. Ein bil høyrde eg tute i Almankåsbakken, og bort i Nordgards-gardane gneldra ein hund så irriterande og iltert. Nei vel, ho kom ikkje, det var bare å slå dette fast for meg sjølv endå ein gong. Stivfrosen stiga eg inn i ein dampande, varm -Granvinsal.

Seinare i livet råka det nok at det også då var fleire som ikkje kom. Slik lærer ein gjennom livet. Men den kaldaste og fyrste, det var basarkvelden på Granvin i 1930 åri.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *