Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

På Dal i Gildeskål

På Dal her sør i fjorden, var det stor velstand ein gong i tida. Dei samla medel i hungersåra der; og det går ord um det dei for hardt og sjellaust fram mot fatigfolk, som kom dit.

Ein av brukarane på Dal skal ha sett ned pengar; han grov ned i ei uthustuft, er det fortalt. Og han feste pengane til jorda med ord: «Dasse ska inkj reppast før da bi pløygt me han’ å harva me høno over.» Dette hadde drengen fått høyra; og då mannen var klar, laga denne drengen noko slags reidskap som likna på harv og plog, og med dette for han over, med hanen og ei høne spent fyre. Og på dette viset skal det ha lukkast å få pengane fri.

Ei tida for folk medkvart og såg noko slags rakkarsmakt der på Dal; det var nokre ljosa som for og vandra etter marka. Soleis var ein dreng hans Persen på Inndyr ute for dette. Det var alt med ho farmor mi var til terne hos Persen, og ho var det som tala um det. Ja, denne drengen var roande sørgjenom; han skulde til ei sæter dei hadde, etter mjølk. Dentid han var rett av Dal, vart han vis to ljos, som tendest, det eine uppå jordet og det andre nedmed sjøen. Det fyrste stod dei still ur-lite. Tok so til å skri mot einannan, til dei sluttpå tørna ihopen. Dei blefra då upp og vart til ein stor loge. Men fyrst den var um inkje, so tendest det to nye, som tok til å skri på same viset. Og slik gav det på, unda for unda, fleire etter einannan (Gildeskål).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *